Johanneskyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johanneskyrkja
kyrkje
Bergen johanneskirken.jpg
Morten Dreier
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Bergen domkyrkje
Stad Johanneskyrkja
Type Krosskyrkje
Periode Nygotisk stil
Arkitekt Herman M. Backer
Teknikk Mur
Material Glassert tegl på granittsokkel
Innvigd 15. mars 1893
Tårn Hovudtårn i nordaust, 61 m høgt, 4 trappetårn
Takryttar Ein liten kopartekka takryttar over krysset
Portal Hovudportal i tårnfoten, to motståande portalar i langmurane
Kor I sørvest
Skip Einskipa. Krossarmar med galleri
Klokker Frå Bochumer Verein, Westfalen, 1893.
Klokkespel med 48 klokker frå 2014
Kyrkjegard Nei
Preikestol Av eik, åttesida. Teikna av arkitekt Backer.
Døypefont Av kunststein i nygotisk stil av Wilhelm von Hanno
Altartavle Kristus i bøn. Måleri av Marcus Grønvold, 1894
Orgel Schlag & Söhne, Württemberg 1894. Modernisert 1967
Sitjeplassar 1250
Diverse Glasmåleri, stjernemotiv, 1894.
Wikimedia Commons: Johanneskirken, Bergen
Kyrkja sett frå sida
Foto: Tore Sætre
Teikning av arkitekt Backer.

Sjå også St. Johannes kyrkje i Stavanger eller den rivne Johanneskyrkja i Oslo.

Johanneskyrkja i Bergen er ei krosskyrkje frå 1893 som står på Sydneshaugen i Bergen sentrum. Kyrkja er også Bergens høgaste bygning med eit tårn på 61 meter.

Så tidleg som i 1684 fekk Jørgen Tormøhlen løyve til å byggja kyrkje på Sydnes, men ein veit ikkje om det blei noko av kyrkjebygginga den gongen. 200 år seinare, i 1885, vart Johanneskyrkjas prestegjeld skild ut frå Domkyrkja, og i 1888 vart det halde arkitekttevling til ny kyrkje på Sydnes. Vinnarbidraget vart teikna av Herman M. Backer. Frå 1891 vart byggingsarbeidet leidd av Hans Heinrich Jess. Grunnsteinen vart lagt ned den 27. november 1891, og kyrkja stod ferdig i 1894, då ho vart innvigd 15. mars. Ho har 1250 sitjeplassar, [1] og har med det det største kyrkjerommet i byen. Johanneskyrkja er ei soknekyrkje og held normalt gudstenester på sundagane gjennom kyrkjeåret, i tillegg til gudstenester på onsdagar og torsdagar. [2]

Klokkespel[endre | endre wikiteksten]

Kantor Asbjørn Myksvoll kjempa i mange år for å få klokkespel til Johanneskyrkja. I 2003 fekk han klarsignal frå soknerådet i kyrkja, [3] men det skulle ta om lag ti år før det var samla inn nok pengar. Hausten 2013 vart det støypt til saman 48 klokker i byen Asten i Nederland, [4] og dei ferdige klokkene, som til saman veg 14 tonn, kom til Sydneshaugen med lastebil den 31. mars 2014. I april vart dei heiste opp i tårnet med kran. [5] Klokkespelet vart offisielt innvigd av ordførar Trude Drevland den 17. mai 2014. [6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]