Det indiske parlamentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Parlamentsbygningen i New Delhi.

Det indiske parlamentet (hindi Bharatiya Sansad, भारतीय संसद, engelsk Parliament of India) er den føderale og lovgjevande forsamlinga i India. Det er delt inn i to kammer, Rajya Sabha (overhuset) og Lok Sabha (underhuset). Dei to kammera held møte i ulike delar av parlamentsbygningen Sansad Bhavan i New Delhi. Den indiske presidenten er leiar for begge kammera. Den indiske regjeringa er parlamentarisk ansvarleg for Lok Sabha.

Det første indiske parlamentsvalet fann stad i 1951, det nyaste i 2014. Det sit i dag 790 representantar i parlamentet. Dei representerer 814,5 millionar røysteføre indarar, den største demokratiske veljarmassen i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]