Hopp til innhald

Det jødiske museet i Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det jødiske museet i Trondheim er eit museum som først og fremst dokumenterer historia til Det mosaiske trossamfunn i Trondheim. Museet ligg i synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim.

Det mosaiske trossamfunn i Trondheim kjøpte bygningen, som før husa den første jernbanestasjonen i byen, i 1924. Han blei bygd om til ein ortodoks synagoge og innvigd den 13. oktober 1925.

Museet opna den 12. mai 1997. Det gjev ei framstilling av jødisk historie, høgtider og seremoniar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]