Det pakistanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det pakistanske nasjonalflagget. Storleikstilhøve 2:3
Det pakistanske handelsflagget. Storleikstilhøve 2:3
Det pakistanske orlogsflagget. Storleikstilhøve 1:2
Den pakistanske orlogsgjøsen.

Det pakistanske flagget er loddrett delt i to ulike delar med bakgrunnsfargane kvitt og grønt. Det har ein kvit halvmåne og ei stjerne til høgre. Flagget blei utforma av Syed Amir-uddin Kedwaii, som la ei kvit stripe til eit tradisjonelt muslimsk flagg.

Flagget og stjerna er eit muslimsk symbol, og det grøne feltet, som dekker tre fjerdedelar av flagget, står for islam. Den kvite siste fjerdedelen står for dei andre religiøse minoritetane i Pakistan. Dei to fargane saman står også for fred og rikdom. Halvmånen kan stå for framsteg og stjerna for lys og kunnskap.

Opphavet til nasjonalflagget er flagget brukt av All India Muslim League, som kjempa for å skilja ut eit muslimsk land frå Britisk India. Flagget deira var heilt grønt, med midtstilt kvit halvmåne og stjerne. Det blei innført som partiflagg 30. desember 1906. 17. august 1947, like før Pakistan fekk sjølvstende i 1947, blei flagget med den kvite delen lagt til innført som nasjonalflagg.

Handelsflagg[endre | endre wikiteksten]

Handelsflagget blei først innført 17. mars 1956, då med blå duk og grøn halvmåne og stjerne i kvit kanton (i hjørnet). Dette blei raskt omgjort. Den 22. oktober 1956 innførte ein eit handelsflagg med raud duk og nasjonalflagget i kantonen.

Orlogsflagg[endre | endre wikiteksten]

Som orlogsflagg, flagg for det pakistanske sjøforsvaret, bruker ein eit flagg likt nasjonalflagget men i tilhøvet 1:2. På fartøy i det pakistanske sjøforsvaret nyttar ein orlogsgjøs som er heilt blå og har merket til sjøforsvaret i kvitt i midten. Som rangflagg for flaggoffiserar nyttar ein eit tilsvarande flagg, men med merket flytta mot stanga og eit varierande tal kvite stjerner i den frie enden av flaggduken.

Presidentflagg[endre | endre wikiteksten]

Presidentflagget er basert på nasjonalflagget, men har det gulfarga merket til presidenten i den grøne delen av flagget. På dette merket står halvmånen og stjerna i ein krans og har namnet til Pakistan på urdu under. Tidlegare var det pakistanske presidentflagget heilt grønt og hadde presidentmerket i midten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]