Det vietnamesiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det vietnamesiske flagget

Det vietnamesiske nasjonalflagg, òg kalla «Det raude flagget med den gule stjerna», er som kallenamnet seier raudt med ei gul stjerne i midten. Flagget vart teke i bruk i Nord-Vietnam 30. november 1955. Det vart seinare nasjonalflagget til Vietnam. Dette hende 2. juli 1976.

Proporsjonane er 2:3, og stjerna i midten symboliserer leiarskapet i Det vietnamesiske kommunistpartiet. Raud representerer blod og revolusjon. Dei fem taggane i stjerna i mideten symboliserer òg arbeidarane, bøndene, soldatane, dei intellektuelle, og kjøpmennene.