Det raude flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det raude flagget er eit mykje bruka symbol Første mai og ved andre høve med større sosialistiske demonstrasjonar eller møte.

Det var under den franske revolusjonen frå 1789 og framover at det raude flagget først blei bruka ved nokre høve som samlingsmerke for radikale, etter at det først hadde vore eit merke øverheita bruka for å varsle unnatakstilstand.

I revolusjonsåret 1848 kom det raude flagget tilbake, da arbeidarar i Paris demonstrerte for ein demokratisk og sosial republikk, med allmenn (mannleg) stemmerett og arbeid til alle. Det blei under 1848-revolusjonen faktisk foreslått å skifte ut trikoloren med det raude flagget som fransk flagg. Frå 1848 spreidde også bruken av det raude flagget seg internasjonalt. Det blei bruka under oppreistane i Tyskland, Austerrike og Italia det året, og likeins av den britiske arbeidarstemmerettsrørsla ("chartistane") og av Thranerørsla i Noreg.

Etter den fransk-tyske krigen oppstod den 28. mars i 1871 den namngjetne Pariskommunen. Kommunen blei proklamert frå rådhuset i Paris denne dagen, mens eit stort raudt flagg vaia over rådhustaket, og det vrimla av raude flagg i folkemengda framom. Pariskommunen blei slått ned med massiv vald frå den borgarlege regjeringa si side. Men det raude flagget hadde no festa seg som politisk og sosialt symbol for det arbeidande folket sin kamp for eit sosialistisk samfunn.

I Noreg blei vår første arbeidar- og bonderørsle Thranerørsla også undertrykt, og leiarane fengsla. Men etter nokre år blei den sosialistiske rørsla atterreist her i landet au, og i 1885 blei "Den socialdemokratiske Forening" stifta i Kristiania, og dei skaffa seg snart ei raud fane med påskrifta "Frihed, Lighed og Broderskab".

I 1889 vedtok den Andre Internasjonalen at Første mai frå 1890 skulle vere felles demonstrasjonsdag for heile den internasjonale sosialistiske rørsla, og det raude flagget felles symbol for alle sosialistiske parti. Frå da spreidde bruken av det raude flagget seg raskt over mestedelen av verda. Krafta i symbolet viser seg blant anna i at det blir bruka i ei mengd med dikt og songar.

To døme på dette:

Den jødiske sosialistrørsla Bund, som stod sterkt blant jødar i Aust-Europa før Holocaust, sver i songen «Di Shvue» (Lovnaden) ved det raude flagget å stå saman i kampen. Første verset er slik (tekst av S. Ansky, til norsk ved E. Outzen):

Brider un shvester fun arbet un noit
alle vós zainen tsezeit un tseshpreit.
Tsuzammen, tsuzammen, di fón zi iz greit —
zi flattert fun tsór’n, fun blutt iz zi roit —
a shvue, a shvue ouf lébn un toit!
ברידער און שוועסטער פֿון אַרבעט און נוֹיט
אַלע, וואָס זײַנען צעזייט און צעשפּרייט.
צוזאַמען, צוזאַמען, די פֿאָן זי איז גרייט —
זי פֿלאַטערט פֿון צאָרן, פֿון בלוט איז זי רוֹיט —
אַ שבֿועה, אַ שבֿועה אויף לעבן און טוֹיט!
Søstrer og brør i arbeid og nød
Spreidd' er vi veike i kampen for brød.
Men saman, saman, med flagget støtt -
det blafrar av sinne, av blod er det rødt -
gir vi ein lovnad på liv og på død!

Som døme to, eit vers pluss refrenget frå den irsk/britiske sosialistsongen "The Red Flag", med tekst av Jim Connell:

It waved above our infant might,
When all ahead was dark as night.
It witnessed many a deed and vow,
We must not change its colour now.
Then raise the scarlet standard high,
Within its shade we'll live and die
Though cowards flinch and traitors sneer
We'll keep the red flag flying here!