Sør-Sudan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Sør-Sudan

(norsk: Sør-Sudan, sørsudansk)

Det sørsudanske flagget Det sørsudanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «South Sudan Oyee!»
Motto Justice, Liberty, Prosperity (Rettvise, fridom, grøde)
Geografisk plassering av Sør-Sudan
Offisielle språk engelsk
Hovudstad Juba
Styresett
Republikk
Salva Kiir Mayardit
Flatevidd
 – Totalt
 
644 329 km² (41.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
13 026 129 (74.)
20,2 /km²
Sjølvstende
Frå Sudan
9. juli 2011
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
22 460 mill. USD (136.)
2 100 USD (171.)
Valuta Sudansk pund/sørsudansk pund
Tidssone UTC +3



Sør-Sudan er eit land i Afrika. Landet grensar i nord til Sudan, i aust til Etiopia, i sør til Kenya, Uganda og Den demokratiske republikken Kongo og i vest til Den sentralafrikanske republikken. Hovudstaden er Juba. Landet fekk sjølvstende frå Sudan 9. juli 2011. Sør-Sudan er inndelt i ti delstatar, som er vidare inndelt i administrative einingar som blir kalla county (grevskap), payma og boma (landsbyar). Ei omdiskutert folketeljing gjennomført i 2008 og offentleggjort i 2009 viste at Sør-Sudan hadde ein folkesetnad på 8,2 millionar. Folketeljinga viste òg at det bur 520 000 sørsudanarar i Sudan.[1]

I januar 2011 blei det halde folkerøysting i Sør-Sudan om landet skulle lausriva seg fullstendig frå Sudan. Heile 98,83 % røysta for sjølvstende.[2]

Naturgeografi[endre | endre wikiteksten]

Delstatane i Sør-Sudan

Sør-Sudans areal er på 619 745 km², dobbelt så stort som Italia og meir enn fjorten gonger så stort som Danmark. Sør-Sudan ligg mellom breiddegradane 3° og 13° nord, og lengdegradane 24° og 36° aust. I grenselandet mellom nordlege Sudan og Sør-Sudan finst det mykje olje. Landet består av tropiske skogar, sumpar, og grasland, i motsetnad til det nordlege Sudan, som for det meste består av ørken. Elva Kvitnilen går gjennom landet òg, og gjennom hovudstaden Juba.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Sør-Sudan er samansett av meir enn 200 etniske grupper og er, saman med dei tilstøytande Nubafjella, eit av dei mest språkrike områda i Afrika. Likevel er det mange av språka som berre har eit par tusen talarar.

Det offisielle språket er engelsk. Munnleg arabisk er utbreidd, og jubaarabisk, eit pidginspråk, blir snakka rundt hovudstaden. Det største språket er dinka, som blir snakka av mellom 2 og 3 millionar menneske. Dinka er eit vestnilotisk språk, nærskyldt med landet sitt nest største språk, nuerisk, eit nilosaharisk språk. Noko fjernare i slekt er shillukisk. Større austnilotiske språk som blir snakka i Sør-Sudan er bari og otuho. I tillegg til den nilotiske språkgruppa, høyrer til det tredje største språket i landet, zande, den ubagianske språkgruppa, medan jur modo er eit bongo-bagirmi-språk.

Religion[endre | endre wikiteksten]

I Sør-Sudan er tradisjonelle afrikanske religionar mest utbreidd, men både islam og kristendommen har spreidd seg som følgje av misjon og annan kontakt. Borgarkrigen i sør gav opphav til auka oppslutnad om dei kristne kyrkjene, som ein motvekt mot politisk og kulturell dominans frå nord.

Kristendomen er ein sentral faktor i nasjonsbygginga i Sør-Sudan. Det blir vist mellom anna til at ein av dei mest profilerte eksponentane for sørleg lausriving, den no avlidne leiaren av SPLA John Garang, blei gravlagd i ei katolsk kyrkje i Sør-Sudan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg kristen innverknad[endre | endre wikiteksten]

Døme på den tidlege kristendomen i området: Ein fresko som viser Kristi fødsel i katedralen i Farras

Kristendomen nådde det som i dag er det nordlege Sudan, då kalla Nubia allereie i løpet av det første hundreåret etter Kristus. Dette utvikla seg særleg under innverknaden frå Austromarriket.[3] Særleg influerte bysantinsk arkitektur dei tidlege kristne kyrkjene i det nedre Nubia.[4]

Keisar Justinian I den store gjorde Nubia til eit kriste støttepunkt tidleg i mellomalderen[5] og i 580 blei kristendomen den offisielle religionen i det nordlege Sudan, sentrert rundt katedralen i Farras. Dette har seinare blitt borte som følgje av muslimske erobringar, som hovudsakleg kom i gang tidleg etter profeten Muhammed sin død i 632, og kom til dette området allereie rundt 640-åra.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Muhammad Ahmad

I 1820-åra blei store delar av dagens Sudan invadert av Det osmanske riket, men seinare på 1800-talet ville Egypt også representere Sudan. For å understreke dette kravet, òg i sør, blei Ekvatorialprovinsen etablert i 1870.

I 1881 erklærde Muhammad Ahmad at han var mahdi, den direkte etterkommaren etter Muhammed som skulle innleia «den lova tida», og den religiøse rørsla hans var opphavet til ein brei nasjonal oppstand i 1883. Store delar av Sudan kom under kontroll av opprørarane, og i 1885 blei hovudstaden Khartoum hærteken. Al-Mahdi døydde same år, og etterfølgjarane hans lei nederlag for dei britiske og egyptiske styrkane under leiing av Herbert Kitchener i 1898.

Sudan blei erklært eit kondominium under felles britisk og egyptisk styre.

Kristendomen blei introdusert på nytt av britiske misjonærar i Sør-Sudan, som kom inn i området frå den britiske kolonien i Kenya. Dei første katolske misjonærane kom i 1842, medan anglikanske og amerikanske presbyterianarar kom rundt 1899.

Religion i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag er rundt 50 % av folkesetnaden Sør-Sudan kristne. Dei kristne høyrer til hovudsakleg katolske eller anglikanske forsamlingar. Sudan sin nasjonalhelgen er den tidlegare slaven og seinare nonna Josephine Bakhita som blei heilagkåra i 2000.

Borgarkrigar[endre | endre wikiteksten]

John Garang de Mabior leidde Sør-Sudans frigjeringshær fram til at han døydde i 2005.

Regionen har i negativ grad blitt påverka av to borgarkrigar sidan Sudan fekk sjølvstende. Den sudanske regjering kjempa mot anyanyaopprørarane, ein sørsudansk separatisthær, som blei oppretta under den første sudanesiske borgarkrigen frå 1955 til 1972. Konflikten stod mellom den nordlege delen av Sudan og den sørlege regionen som kravde representasjon og meir regionalt sjølvstyre. Ein halv million menneske døydde i den 17 år lange krigen som kan delast inn i tre stadium: innleiande geriljakrig, anyanyaopprørarar, og Sør-Sudans frigjeringshær. Krigen enda med ei fredsavtale i Addis Ababa som gav ein sørleg administrativ region. Semja som avslutta den første borgarkrigen i 1972 klarte ikkje å fjerne motsetnadene som hadde utløyst krigen. Det førte til at den andre sudanesiske borgarkrigen mellom Sudans regjering og Sør-Sudans frigjeringshær (SPLA/M) blei utløyst i 1985. Krigen enda med Naivasha-avtala i 2005. Perioden mellom 1955 og 2005 er såleis tidvis vurderte som ein einskild konflikt med elleve års våpenkvile som skilde dei to valdelege fasane.

Våpenkvile i 2005[endre | endre wikiteksten]

██ Sør-Sudan, der det vart halde folkerøysting om sjølvstende i januar 2011 ██ Grenseområdet Abyei, der folkerøystinga om bli del av anten nord eller sør er utsett på ubestemt tid ██ Delstatane Sør-Kordofan og Blå-Nilen, der det i løpet av 2011 skal haldast «folkelege konsultasjonar» om høyre til ██ Den austlege fronten, område for kampar i juli 2006

Sør-Sudan har vore ein sjølvstendig region i Sudan sidan ein våpenkvile med den arabisk-islamistiske regjeringa i Sudan blei inngått i 2005. Før dette hadde det vore to borgarkrigar mellom Nord- og Sør-Sudan. Desse starta etter usemjer om maktfordeling og lokalt sjølvstyre, og om islamske sharia-lovar skulle innførast i det ikkje-muslimske Sør-Sudan. Borgarkrigen blei avslutta med Naivasha-avtala som medførte ei viss maktfordeling fram til Sør-Sudans vidare status blei avklart.

Leiaren for Sør-Sudans frigjeringshær, John Garang, blei etter Naivasha-avtala visepresident i Sudan og president i den sjølvstyrte regionen Sør-Sudan. Etter at Garang døydde i ei helikopterulukke 30. juli 2005, overtok Salva Kiir desse verva.

Folkerøystinga om sjølvstende i 2011[endre | endre wikiteksten]

Folkerøystinga om sjølvstende i Sør-Sudan byrja 9. januar 2011 og dreidde seg om i kva grad Sør-Sudan skulle skilje lag med det øvrige Sudan og bli ein sjølvstendig stat.[6][7] Avstemminga var ein del av Naivasha-avtala regjeringa i Khartoum og Sør-Sudans frigjeringshær/rørsle i Sør-Sudan inngjekk i 2005.

I løpet av året skal det òg haldast folkerøysting i Abyei, der det skal avgjerast om det oljerike grenseområdet skal høyre til Nord-Sudan eller Sør-Sudan.[8] I to andre grenseområde, delstatane Nuba Mountains og Blue Nile, skal det etter planen haldast «folkelege konsultasjonar» om kva land dei skal høyre til, dette òg i løpet av 2011.[9]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Discontent over Sudan census, news24, 21.5.2009
  2. Jenny N. Kanestrøm, Endelig valresultat klart i Sudan, nrk.no, 07.02.2011
  3. Kristendomen i Nubia, arkivert frå originalen 3. mars 2012, henta 18. juli 2011 
  4. agde&cad=3#v=onepage&q&f=false Bilete av kyrkjer i Nubia
  5. Det kristne Nubia og Østromerriket, arkivert frå originalen 3. januar 2018, henta 18. juli 2011 
  6. Nedtellingen er i gang[daud lenkje], Klassekampen, 29.12.2010.
  7. 4 millionar vil røyste i Sør-Sudan, NRK, 4.1.2011.
  8. Q&A: Southern Sudan referendum, BBC News, 4.1.2011.
  9. Oil and power at center of vote to split Sudan, CNN, 5.1.2011.