Det store spranget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det store spranget var eit prosjekt for industri og jordbruk i Folkerepublikken Kina frå 1958 til byrjinga av 1962. Prosjektet vart sett i gang av Mao Zedong i trua på at det skulle skape eit stort sprang framover for Kina. Dette først og fremst i form av kraftig auka stålproduksjon og auka produktivitet i jordbruket gjennom innføringa av kjempestore statlege kollektivbruk, såkalla folkekommunar.

Dei ønskte resultata vart for det meste ikkje realiserte, og i staden leidde kampanjen til ei stor hungersnaud og døden for fleire millionar menneske.

Dei katastrofale følgjene av kampanjen førte til at Mao fekk ei svekt maktstilling innanfor Det kinesiske kommunistpartiet, noko som brukar å bli rekna som ei av dei viktigaste forklaringane på kulturrevolusjonen frå 1966 og frametter.

Kjelde: Svensk wikipedia, art. Det stora språnget.