Det turanske låglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det turanske låglandet eller Den turanske senkinga er ein vid, lågtliggande ørken i området frå det sørlege Turkmenistan gjennom Usbekistan til Kasakhstan. Låglandet ligg aust for Kaspihavet og søraust for Aralsjøen. Det er eit av dei største ørkenområda i verda. Normalt får regionen mindre enn 380 mm nedbør i året. Ørkenen Kara Kum ligg i den sørlege delen av Det turanske låglandet.

Det turanske låglandet er ein del av Den aralsk-kaspiske senkinga.

Tre av dei største byane i Det turanske låglandet er Dashkhovuz i Turkmenistan, og Nukus og Urgantsj i Usbekistan. Vpadina Aktsjanaja i Turkmenistan ligg 81 meter under havnivå. Elva Amu-Darja renn frå søraust til nordvest over låglandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]