Detroit Plateau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detroit Plateau
platå
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°10′S 60°0′W / 64.167°S 60.000°W / -64.167; -60.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Detroit Plateau
64°10′00″S 60°00′00″W / 64.1667°S 60°W / -64.1667; -60
Detroit Plateau is located in Antarktis
Detroit Plateau (Antarktis)

Detroit Plateau er eit stort indre platå i Graham Land, med høgder mellom 1500 og 1900 moh. I nordaust ligg sørveggen av Russell West-breen, og frå her strekkjer det seg 165 km sørvestover til Herbert Plateau. Platået vart observert frå lufta av sir Hubert Wilkins på ein flytur den 20. desember 1928. Wilkins namngav det «Detroit Aviation Society Plateau» etter forbundet som støtta ekspedisjonen hans, men det godkjende namnet vart korta ned. Nord- og austsida av platået vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1946-47.[1]

Dinsmoorbreen er ein isbre som flyt aust frå sørkanten av Detroit Plateau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Detroit Plateau». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. mars 2013. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Detroit Plateau» (innhald frå Geographic Names Information System).