Devonfelta på Vestlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Devonfelta på Vestlandet er sedimentære bergartar frå devontida som finst ved Fensfjorden, Solund, Kvamshesten, Håsteinen og Hornelen. Berggrunnen består av sandstein og fanglomerat som vart avsett i devon.

På Vestlandet finst felt med fleire tusen meter tjukke lag av konglomerat og sandstein som dannar tydelege landemerke, som Lifjellet, Kvamshesten, Håsteinen og Hornelen.

Dei norske devonfelta er for det meste danna ved avleiring av sand og rullestein på elvesletter og elvevifter under avsluttinga av den kaledonske fjellkjedefoldinga. I Solund utanfor Sognefjorden er det òg eit lite vulkansk innslag i devonavleiringane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]