Dhahab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dhahab
elv
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Kjelde Høgdene nord for Bāb
Munning Jabboulsjøen
Lengd 50 km

Dhahab eller Dhahabdalen (arabisk نهر الذهب eller وادي الذهب, Gull eller Gulldalen), i mellomalderen òg kalla Buṭnāndalen (arabisk وادي بطنان), er ei periodevis elv nord i Syria.

Elva ligg på Aleppoplatået aust i Aleppo guvernement, 30 km aust for Aleppo. Ho drenerer høgdene nord for Bāb og renn kring 50 km frå nord til sør før ho munnar ut i Jabboulsjøen.

Det er bygd to demningar i elva, Um-Julūd-dammen og Shabā-dammen. I nyare tid er vatn frå Eufrat omleidd til elva for å auke vatninga i dalen. Dei viktigaste byane i dalen er Bāb, Bzāʻā og Tādif.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]