Dhamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dhamar
by
Land  Jemen
Guvernement Dhamar
Høgd 2 400 moh.
Koordinatar 14°34′0″N 44°24′6″E / 14.56667°N 44.40167°E / 14.56667; 44.40167
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Kart
Dhamar
14°33′00″N 44°24′06″E / 14.55°N 44.401666666667°E / 14.55; 44.401666666667
Wikimedia Commons: Dhamar

Dhamar (arabisk skrift ذمار) er ein by sørvest i Jemen. Han ligg i ei høgd på 2400 meter over havet.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Dhamar ligg 100 km sør for Sana'a, nord for Ibb og vest for Al-Beidha. Namnet Dhamar går attende til kongen av Sjeba og Dou-Reddan i 15-35 evt. som heitte Dhamar Ali Yahber. Ein fann ein statue av han i byen Al-Nakhla Al-Hamra’a, som er ein arkeologisk stad nær Dhamar.

Byen Dhamar er administrasjonssenteret i guvernementet og ligg ved hovudvegen mellom Sana’a og fleire av provinsane. Byen var eit av dei kjnde sentera for arabisk og islamsk kultur og vitskap. Den store moskeen vart bygd i tida kring kalifen Abi-Bakr Al-Sadeek.

Dhamar hadde ei stor rolle i politikken og handelen i Jemen. Han hadde ei særs viktig rolle i Jemen før islamsk tid. Gamle jemenittiske graveringar nemner Dhamar som eit særs kjend senter for islamske studiar og vitskap, og mange vitskapsfolk frå mellomalderen kom frå denne byen.

Tidlegare var folk frå Dhamar kjende for å avle hestar. Byen har i dag mange historiske moskear og skular.

Dhamar universitet ligg i byen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]