Ibb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibb
إب
by
Land  Jemen
Guvernement Ibb guvernement
Høgd 2 050 moh.
Koordinatar 13°58′N 44°10′E / 13.967°N 44.167°E / 13.967; 44.167
Folketal 160 000  (2005)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Kart
Ibb
13°58′00″N 44°10′00″E / 13.966666666667°N 44.166666666667°E / 13.966666666667; 44.166666666667
Wikimedia Commons: Ibb

Ibb (arabisk إب, ʾIbb), også skrive Abb, er ein by i Jemen og det administrative senteret i Ibb guvernement. Byen ligg kring 117 km nordaust for Mokka og 194 km sør for Sana'a.[1] Han er ein kjøpstad og det administrative senteret utvikla seg under den osmanske tida. Han er ein av dei viktigaste, mellomstore byane i landet.[2] Han ligg på ein fjellkam, omgjeve av frodig land. I 2005 hadde byen kring 160 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lokale menn.

Ibb har vore busett sidan tidleg islamsk tid, og på grunn av den strategiske plasseringa, brukte osmanarane han som eit administrativt senter.[1] Han blømde som kjøpstad og osmanarane starta opp ein onsdagsmarknad her.[3] Ibb vart styrt av ein delvis sjølvstendig emir fram til 1944, då emiratet vart avskaffa. Til tider har mange menneske flytta til Ibb frå område av Jemen som har vore råka av tørke, for å finne arbeid i jordbruket.[4] I midten av 1950-åra var det eit utbrot av koppar i byen.[5]

Den tyske eventyraren Hermann Burchardt fotograferte byen i 1901, og bileta er i dag utstilte ved Etnologisk museum i Berlin.[6]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ibb ligg 2050 meter ove havet på ein utstikkar frå Jabal Shamāḥī.[7] På grunn av høgda har Ibb eit subtropisk høglandsklima (Köppen si klimaklassifisering: Cwa) og er ein av dei våtaste byane i både Jemen og heile Arabia,[1] med typisk 800–1200 mm nedbør i året.

Vêrdata for Ibb (1950 m)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 21 21,1 23,6 25,5 27,8 30,1 29,7 27,9 25,7 23,1 21 20,8 24,8
Gjennomsnittleg min °C 7,9 9,3 10,4 12,7 15,5 16,9 18,8 18,4 15,5 11,1 8,7 8,1 12,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 5,8 4,6 12,9 16 10,2 48,8 150 144,6 74,2 32,5 14,1 5,3 519
Kjelde: National Weather Service

Kjende landemerke[endre | endre wikiteksten]

Lokal arkitektur

Byen er kjend for dei høge steinhusa, med geometriske friser og sirkelforma, farga glasvindauge, kalla qamiriya.[1] Hovudmoskeen vart bygd under osmanarane, og det er andre moskear og ei festning i nærleiken, som er lukka for vitjane. Det står framleis ein gammal akvedukt i byen.[8] Ibb universitet vart grunnlagd i 1996. Ibb har òg eit kunstsenter, museum og hotell, som Saba Tourist Hotel og Al-Riyad Hotel.[1]

Det beste fotballaget i byen er Al Sha'ab Ibb.

Kjende folk frå Ibb[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Carter, Terry; Dunston, Lara (2007). Oman, UAE & Den arabiske halvøya. Lonely Planet. s. 484. ISBN 978-1-74104-546-8. 
  2. Wald, Peter (1996). Jemen. Pallas Athene. s. 179. ISBN 978-1-873429-11-2. 
  3. Blumi, Isa (30. juli 2010). Chaos in Jemen: Societal Collapse and the New Authoritarianism. Taylor & Francis. s. 87. ISBN 978-0-203-84742-8. 
  4. Burrowes, Robert D. (2010). Historical Dictionary of Jemen. Rowman & Littlefield. s. 169. ISBN 978-0-8108-5528-1. 
  5. El-Khalidi, Hatem (September 2011). Sojourn in a Dreadful Land (Jemen Chronicles). Dorrance Publishing. s. 13. ISBN 978-1-4349-1197-1. 
  6. Ibb, by Hermann Burchardt Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. (Click on photo to enlarge); Whitewashed houses Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine..
  7. «Ibb». Encyclopedia Britannica. Henta 25. mai 2016. 
  8. Ingrams, William Harold (1964). The Jemen: Imams, rulers & revolutions. Praeger. s. 31.