Dhanteras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laksjmi er gudinne for rikdom og blir særskild feira under dhanteras.

Dhanteras eller dhanatrayódasji er den første dagen av divali i delar av India. Derfor blir han også kalla tsjhoti-divali, 'vesle-divali'. Dagen fell to dagar før nymånen i hindumånaden kartika. Dette er rekna som den trettande dagen i den mørke halvdelen av månaden, og teras tyder 'trettande' på hindi. Dhan tyder rikdom, og dhanteras er ei høgtid der ein dyrker rikdomsgudinna Laksjmi. Gudinna i form av Dhana-Laksjmi blir vist vegen til huset gjennom fotavtrykk teikna på bakken, ein utfører arti og syng hymne til henne. Andre skikkar knytte til høgtida er å kjøpa gjenstandar av metall — gjerne myntar eller smykke av gull eller sølv, men også nyttegjenstandar som etereiskapar, køyretøy eller mobiltelefonar av stål eller andre metall — eller spela pengespel.

Høgtida blir også knytt til Dhanavantari, ei lækjande form av Visjnu, og ei soge om å vinna over dødsguden Jama. Sjå dipavali for meir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne hinduismeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.