Diane Abbott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diane Abbott
Official portrait of Ms Diane Abbott crop 2.jpg
FøddDiane Julie Abbott
27. september 1953 (69 år)
Paddington
Statsborgar avStorbritannia
PartiLabour
Yrkepolitikar, journalist
InstitusjonarBritish Broadcasting Corporation
Home Office
Liberty
Thames Television
TV-am
Stor-London fylkesting
Lambeth London Borough Council
Utdanna vedNewnham College
Harrow County School for Girls
EktefelleRichard Thompson (1991–1993)
Barn1 son
MedlemAlpha Kappa Alpha
Det britiske arbeidarpartiet
VervParlamentsmedlem
for Hackney North and Stoke Newington 11. juni 1987-
FøregangarErnie Roberts
VervSkuggeminister for helse 9. oktober 2010-8. oktober 2013
FøregangarGillian Merron
EtterfylgjarLuciana Berger
VervSkuggeminister for utviklingshjelp 13. september 2015-27. juni 2016
FøregangarMary Creagh
EtterfylgjarKate Osamor
VervSkuggeminister for helse 27. juni 2016–6. oktober 2016
FøregangarHeidi Alexander

Diane Julie Abbott (fødd 27. september 1953) er eit britisk parlamentsmedlem for Det britiske arbeidarpartiet (Labour). Ho blei vald inn som parlementsmedlem for valkrinsen Hackney North and Stoke Newington i 1987, og blei med det den første kvinna av afrikansk opphav (black på britisk engelsk) i det britiske underhuset.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Abbott blei fødd i London av foreldre frå Jamaica. Far hennar var sveisar og mor hennar var sjukepleiar.[2] Ho studerte historie ved Newnham College i Cambridge,[3] med historikaren Simon Schama som rettleiar.[4]

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Etter universitetet arbeidde ho ved det britiske innanriksdepartementet (Home Office) frå 1976 til 1978) og deretter for interesseorganisasjonen National Council for Civil Liberties frå 1978 til 1980.[5] Frå 1980 til 1983 arbeidde ho som journalist ved Thames Television og frå 1983 til 1985 ved frukost-tv-selskapet TV-am. Ho arbeidde for pressekontoret til Greater London Council under Ken Livingstone frå 1985 til 1986 og var leiar for presse- og PR-kontoret til Lambeth Council i London frå 1986 til 1987.[5]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Abbott blei vald inn i byrådet for Westminster i 1982, der ho sat fram til 1986. I 1985 prøvde ho å stilla som parlamentskandidat for Labour i Brent East, men Ken Livingstone blei nominert.[6] I 1987 blei ho vald inn i underhuset for Hackney North & Stoke Newington. Ho var den første kvinna av afro-karibisk opphav til å bli vald inn i underhuset.[7] Ho blei vald inn att i mai 2010 med stort fleirtal og auka valdeltaking.[8] I 2015 blei ho igjen gjenvald med 62 % av røystene.[9]

Diane Abbott har skild seg ut frå ein del av politikken til partiet sitt. Ho røysta imot Irak-krigen[10] og har kjempa imot nasjonale ID-kort og fortsetjinga av det britiske kjernevåpenprogrammet (Trident).[11][12]

I 2015 var ho ein av 36 parlamentsmedlemmer for Labour som nominerte Jeremy Corbyn til ny leiar for partiet.[13] Etter at Corbyn blei vald til partileiar blei Abbott utnemnd til skuggeminister for utviklingshjelp (International Development).[14] Etter at fleire skuggeministerar trekte seg frå stillingane sine i samband med ein ny partileiarkampanje, blei Abbott forfremja til skuggeminister for helse att i juni 2016.[15] I oktober same året blei ho utnemnd til skugge-innanriksminister.[16]

Abbott heldt ein parlamentstale om borgarrettar i debatten om Counter-Terrorism Bill 2008[17] som blei utnemnd til «Parliamentary Speech of the Year» av tidsskriftet The Spectator.[18][19] Ho blei også rost ved Human Rights awards i 2008.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Desert Island Discs featuring Diane Abbott». Desert Island Discs. 18 May 2008. BBC. Radio 4. http://www.bbc.co.uk/programmes/b04vkhjc
  2. Appiah, Kwame Anthony; Henry Louis Gates, Jr., red. (1999). Africana: The Encyclopedia of the African and African American Experience. Basic Civitas Books. ISBN 0-465-00071-1. Henta 31 July 2013. 
  3. «UK | Magazine | Faces of the week». BBC News. 7 November 2003. Henta 5 January 2012. 
  4. «Simon Schama on the American right». BBC News. 21 August 2008. Henta 27 March 2010. 
  5. 5,0 5,1 «Vote 2001: Candidates: Diane Abbott». BBC. 2001. Henta 21 May 2010. 
  6. Seumas Milne, «From the archive, 29 April 1985: Ken Livingstone wins fight for Brent East nomination», The Guardian, 29 April 2015.
  7. Huma Qureshi «Diane Abbott: 'You can't let racism hold you back'», The Guardian, 20 September 2012.
  8. «Diane Abbott wins Hackney North and Stoke Newington with massive majority». Myhackney.co.uk. 7 May 2010. Henta 5 January 2012. 
  9. «Ms Diane Abbott MP». UK Parliament. Henta 6 June 2015. 
  10. Naomi O'Leary, «Diane Abbott – ‘Cambridge was the making of me’» Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine., The Cambridge Student, 1 May 2012.
  11. Riddell, Mary (16 June 2010), «Diane Abbott: 'It's very lonely being a single mother'», The Daily Telegraph (London) 
  12. «Profile: Diane Abbott». BBC News. 9 June 2010. 
  13. «Who nominated who for the 2015 Labour leadership election?» New Statesman, 15 June 2015.
  14. «Shadow Cabinet: Who's In And Who's Out?». Sky News. 14 September 2015. Henta 14 September 2015. 
  15. Jamie Grierson; Anushka Asthana (27. juni 2016). «Jeremy Corbyn unveils new shadow cabinet after raft of resignations». The Guardian. 
  16. «Labour reshuffle: Diane Abbott made shadow home secretary», BBC News, 7. oktober 2016 
  17. «Hansard 11 June 2008 col 379». Department of the Official Report (Hansard), House of Commons, Westminster. 11. juni 2008. Henta 20. mai 2010. 
  18. «Parliamentarian of the Year Awards Recipients 2008». The Spectator. 20. november 2008. Henta 13. januar 2009. 
  19. «Parliamentarian of the Year Awards Recipients 2008». The Spectator. Arkivert frå originalen 2015-12-08. Henta 12. september 2016. 
  20. «The Law Society». The Law Society. 9. desember 2008. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 5. januar 2012.