Dielektrisk tap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dielektrisk tap er tap av elektrisk energi i isolasjonsmateriale som vert utsett for høgfrekvente elektriske vekselspenningar. Årsaka til tapa er at ein del av den elektriske energien som vert nytta ved polarisasjon av eit materiale går over til varme. Dette kan forklarast ved at polarisasjonen krev tid, slik at det oppstår ein faseforskyving mellom påtrykt spenning og polarisasjonen.

Isolasjonsmateriale som skal nyttast i kondensatorar og kablar for høge frekvensar må gje små dielektriske tap. Dette gjeld til dømes keramiske material, glimmer og polymeriserte organiske stoff som polystyren, polyetylen og polykarbonat. Dielektriske tap kan utnyttast til høgfrekvensoppvarming av material som ikkje er elektrisk leiande, til dømes ved forming og samanføying av plastlekamar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]