Hopp til innhald

Kondensator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kondesatorar av ulike typar og storleikar.

Ein kondensator er ein elektronisk komponent som lagrar energi i eit elektrisk felt mellom to vanlegvis metalliske «plater» med like stor og ulikt retta ladning. Ein kondensator vert til dømes laga ved å rulle to metallfilmar saman med ein isolator (eit dieletrika) mellom filmane.

Fysiske samanhengar

[endre | endre wikiteksten]

Ein kondensator vil hindre likestraum (DC) å passere gjennom seg sidan dei to tilkoplingspunkta til kondensatoren ikkje har galvanisk kontakt. Soleis kan ein kondensator brukast til å fjerna likestraumskomponenten frå eit signal. Om ein kondensator vert utsett for vekselstraum (AC) med høg frekvens, vil ladningen mellom platene i kondensatoren svinge fram og tilbake slik at det ser ut som om kondensatoren oppfører seg som ei kortslutning. Ved å utnytte desse to eigenskapane kan ein bruke ein kondensator til å forme eit elektrisk signal.

Kapasitans

[endre | endre wikiteksten]

Evna til å lagra elektrisitet vert kalla kapasitans. Det er kapasitansen til ein kondensator ein utnyttar i elektroniske kretsar. Denne er gjeven av samanhengen

, der er kapasitansen i Farad, er ladningen mellom platene, er spenninga (eller potensialforskjellen) mellom platene.

Lagra energi

[endre | endre wikiteksten]

Energien i Joule lagra i ein kondensator er gjeven av denne likninga

Bruksområde

[endre | endre wikiteksten]

Impedansen til ein kondensator , der , der er frekvensen i Hz. Ein kondensator blokkerer difor likestraum og slepp gjennom høgfrekvente signal.

  • Koplingskondensator: Ein kondensator kopla i serie vert ofte nytta for å blokkera likespenningssignal og sleppa gjennom høgfrekvente signal. Ein slik kondensator vert kalla ein kopplingskondensator.
  • Filterere: Innan signalhandsaming vert kondensatorar nytta til å laga både passive- og aktive filtere. Kondensatorar er mindre utsett for å verta påverka av elektrisk støy enn spolar og vert difor føretrekte i filter|aktive filtere (i passive filtere med orden større enn ein kjem ein ikkje unna spolar).
  • Glattekondensator: I elektonisk utstyr står det alltid ein stor kondensator mellom forsyningsspenninga og jord, rett etter likerettarane, fyrst og fremst for å fjerna rippel, men òg høgfrekvent støy frå likerettarane. Når kondensatorar vert nytta på denne måten, kallar ein dei for avkoplingskondensatorar.

Ulike typar kondensatorar

[endre | endre wikiteksten]
  • Elektrolytt
  • Tantalium
  • Keramisk
  • Polyester

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]