Dikt.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vevsida www.dikt.no er eit kulturengasjement starta av Gunnar Roland Tjomlid der kjende og ukjende forfattarar kan publisera tekstane sine.

Nettsida blei fram til februar 2008 drifta av SirCon, men etter dette har Dagbladet.no overteke driftinga av nettstaden.

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Kven som helst kan bli medlem på dikt.no, så lenge ein har minst ein tekst publisert. I februar 2008 hadde vevsida 5746 medlemmer. Det blir lagt vekt på at tekstane skal vera skrive av den forfattaren som publiserer teksten, for å unngå plagiat.

For å bli medlem må ein oppretta ein brukar-/forfattarkonto (med brukarnamn, passord, og mailadressa). Ein brukar/forfattar kan velja å vera anonym. Som medlem/forfattar kan ein legga inn tekstar, lesa andre sine tekstar og kommentera tekstar publisert av andre.

Sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan publisera kva som helst på dikt.no, med nokre få avgrensingar i regelverket (sjå under). Der finst 18 sjangerkategoriar, der kategorien dikt er den største (og utgjer 77,46 % av dei publiserte tekstane). Dei andre sjangrane er: artikkel, essay, eventyr, forteljing, haiku, kortprosa, kåseri, limerick, manus, novelle, prosa, romanutdrag, songtekst, sonett, utkast, og visdomsord. I tillegg er der ein uspesifikk kategori kalla diverse.

Regelverk[endre | endre wikiteksten]

Regelverket på dikt.no i hovudtrekk: Det er ikkje lov til å publisera tekstar som...

  • strider med norsk lov
  • er skrive av andre (plagiat)
  • er rasistiske
  • høver seg betre på diskusjonsforumet
  • heng ut og/eller sårar enkeltpersonar
  • er suicidale/forbunde med sjølvmord
  • er skrive for å øydelegga

(Henta frå regelverket på dikt.no)

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.