Diplomati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ger van Elk, Symmetry of Diplomacy, 1975, Groninger Museum.

Diplomati viser til kontakt mellom ulike statar som blir utført av embetsfolk med fullmakter. Orda «diplomat» og «diplomati» kjem frå fransk og er avleidd av diplom, som i denne bruken tyder 'fullmakt'. Diplomatar representerer ein stat og interessene hans i ein framand stat eller i forhandlingar som ambassadørar, konsular og liknande. Ordet «diplomatisk» kan også brukast om personar eller handlingar som går fram på ein smart og smidig måte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.