Diskusjon:Carl von Linné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Carl von Linné[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein artikkel som har vorte mykje betre gjennom dugnaden denne månaden. --EIRIK\diskusjon 23:07, 7 mai 2007 (CEST)

Artikkelen blir knallgod, men er det ikkje litt tidleg å gje han stjerne? Eg ser for meg at det er vanskelegare å endre ein god artikkel, og gjennom arbeidet kjem det vel fram litt kunnskap som kan motivere til endringar? Men debatten kan vi gjerne starte, det negative bør fram no medan det vert arbeidd på artikkelen. - Knut 23:34, 7 mai 2007 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For - Knut 07:20, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For --Gunnernett 08:25, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For --Ranveig 12:10, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For --Hogne 12:13, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For --Andreasv 13:05, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For --Frokor 13:39, 1 juni 2007 (CEST)
  • For For -Eg har lagt inn nokre få kommentarar på diskusjonssida til artikkelen, men det er berre småplukk. Artikkelen er kjempegod. --Tannkrem 13:50, 1 juni 2007 (CEST)

Bokmålsversjonen av denne artikkelen har mykje godt stoff om kva han sto for som vitskapsmann. Kan me ikkje få innarbeida den i vår artikkel, før 23. mai? Dugnad! --Ekko 12:31, 12 april 2007 (CEST)

Det bør vi få til, pluss omsetjinga som står att. Trondtr 00:26, 14 april 2007 (CEST).

Eg retta tittelen «kyrkjeherde» (som vi ikkje har på norsk) til det svenske tittelen «kyrkoherde». Denne kunne nok ha vore omsett med «prost», men sidan dette ordet dukka opp to liner nedafor i ei anna tyding enn den norske, trur eg det er like godt å halde på svenske titlar. Då er eg meir usikker på om det var rett av meg å setje det svenske ordet i kursiv. Kva slags typografisk politikk har vi? - Knut 15:46, 7 mai 2007 (CEST)

Kursiv (med lenkje til ein forklarande artikkel) hørest greitt ut for meg òg. Andre syn? -- Olve 16:00, 7 mai 2007 (CEST)
Einig i at slike omgrep kan setjast i kursiv. Det er likevel ganske viktig, som Olve skriv, at ein har med ei lenkje til ein forklarande artikkel, slik som ein har i dette tilfellet. Eg har no henta inn det meste av det stoffet Ekko etterlyser ovanfor, men eg lurer litt på rekkefølgja til dei ulike bolkane. Kan nokon hjelpe med dette? På no: ligg til dømes teksten om dei ulike reisene hans under biografi-bolken. Kva tykkjer de? Kan det vere aktuelt å bruke han som utvald artikkel om to veker, sjølv om no: har han no? --EIRIK\diskusjon 22:54, 7 mai 2007 (CEST)

Helsebringande kjelder og svenske surbrunnar[endre wikiteksten]

Den svenske artikkelen skriv om surbrunnar, på norsk er dette omsett med helsebringande kjelder. Eg forstår av den svenske teksten at det dreier seg om naturleg mineralvatn (jernhaldig med litt kolsyre), sjå her. Med ordet helsebringande kjelder assosierer eg Olavskjelder og slikt, men dette er noko anna. Burde ikkje ordet surbrunn vore omsett med naturleg minervatn eller noko liknande? --Knut 17:38, 30 mai 2007 (CEST)

Mineralhaldig kjelde kan også passa. Elles synest eg ikkje helsebringande kjelder (som eg assossierer det same med) er så verst ut frå det Linné sjølv skriv om bruken av dei. --Ranveig 17:46, 30 mai 2007 (CEST)
Var vatnet helsebringande, objektivt sett? Svenskane kalte dei surbrønnar fordi vatnet inneheldt ei då ukjend syre, sidan identifisert som kolsyre, sjå t.d. litt svensk vatteninformation eller grundigare om surbrunnar og heldebringande kjelder: Begreppsapparat.
Vi går glipp av noko slik artikkelen er omsett her. Men eg veit ikkje meir om slikt vatn enn det eg har lært på wikipedia og ved å surfe litt på nettet (kanskje ikkje så verst det heller, for å låne Ranveig sine ord). - Knut 18:23, 30 mai 2007 (CEST)
Eg surfa litt til, og ser at surbrunnar på moderne norsk (dvs engelsk) heiter Spa (sjå engelsk en:Spa om jernhaldig vatn. Men kva heiter det på nynorsk? - Knut 18:45, 30 mai 2007 (CEST)
Mineralkjelde, kurbad ifølge mi ordbok. --Frokor 19:03, 30 mai 2007 (CEST)
Eg skreiv litt om i samsvar med diskusjonen. - Knut 17:21, 31 mai 2007 (CEST)

Gyldige skildringar[endre wikiteksten]

Kan nokon sjå på setninga (under avsn. Forsking:) «Nærare bestemt utgjer Linné si bok Species plantarum (1753) den fyrste publikasjonen med gyldige skildringar av planter, medan den tiande utgåva av Systema naturae (1758) er den fyrste publikasjonen med gyldige skildringar av dyr.» Det er gyldige skildringar som skurrar i øyro mine. - Knut 22:45, 31 mai 2007 (CEST)

Har endra litt på det, det blei ein mindre «gyldig» og ein endra til «godkjent». --Ranveig 01:01, 1 juni 2007 (CEST)
Artikkelen om artsskildringar forklarer og gav setninga meining for meg. Godt jobba, Ranveig. - Knut 07:16, 1 juni 2007 (CEST)

Småplukk[endre wikiteksten]

  • Kva meiner ein med setningar som "Relasjonen var varm og fortruleg"? Slikt må gjerast litt meir leksikalsk.
  • "Det store verdet skuldast framfor alt ..." bør skrivast litt om.
  • Treng denne artikkelen informasjon om farmora til mormora til Linné? Det er sikkert mange som har viktigare tippoldeforeldre enn det, utan at nokon ville ha skrive det på Nynorsk Wikipedia. Også mykje av det andre som står under "Kuriosa" er lite relevant, synest eg.

Artikkelen ber enno litt preg av å vera omsett, og treng nok ein grundig språkleg gjennomgang frå fleire enn dei som har gjort det alt, men eg har ikkje tid i dag. --Tannkrem 13:48, 1 juni 2007 (CEST)

Eg er samd med Tannkrem. Rett nok er det tradisjon for å ikkje vere strengt nøktern leksikalsk i biografiar, men den varme far-son-relasjonen var unødvendig. Artikkelen er lang nok. Og ved kuriositetane tok eg vekk mormors brør og farmor. - Knut 16:37, 1 juni 2007 (CEST)
2==Død lenke==

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 20:08 (CEST)

[daud lenkje]

2==Død lenke==

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 20:08 (CEST)

[daud lenkje]

2==Død lenke==

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 20:08 (CEST)

[daud lenkje]