Diskusjon:Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Russland i Europa[endre wikiteksten]

«Kulturelt er det vanleg å utelukka Russland.» står det i første avsnitt. Kva er dette? Viss noko, er det vanleg å inkludere asiatisk Russland i Europa, noko som er like ille som å plassere St.Petersburg i Asia. Eg fjernar setninga, så får vi sjå om det kjem kommentarar. Trondtr 11:37, 7 oktober 2007 (CEST).

Ja, fullstendig einig. Det europeiske Russland har då kulturelt mykje til felles med i alle fall delar av Aust-Europa. --Frokor 11:47, 7 oktober 2007 (CEST)
Dette var ei Pandoras eske, ja. Lista over delte land er ikkje med på lista over land, hmm. Men er Grønland ute bør også Kypros vere det, (eller omvendt), det er ei parallell sak. Trondtr 11:49, 7 oktober 2007 (CEST).
Ja, ei utviding er uansett nødvendig. Eg kan sjå på det. --Frokor 12:00, 7 oktober 2007 (CEST)


Hente inn grafikk[endre wikiteksten]

http://ang.wikipedia.org/wiki/Europa har dei snasne kartlenkjer med eit Europa kart. Er dette noko vi kunne brukt? Det negative er at Georgia ikkje ser ut til å vere med endo. --Krekling 00:01, 12 februar 2008 (CET)

Det er ingen problem. Eg har laga (kopiert og omsett altså) eit tilsvarande for Hellas...Mal:Kart over Hellas. Eg kan sjå på det seinare i dag. Det er ikkje noko problem å lage slike kart heilt frå byrjinga av heller, men det tar nok ganske så lang tid og sikkert mykje prøving og feiling å få alle namna på rett stad. --Frokor 07:18, 12 februar 2008 (CET)

Kosova[endre wikiteksten]

Eg tenkte å legge til Kosova i tabellen, men den viser til SN si inndeling, og Kosova er vel ikkje med der enno. Blir det då rett å ta med landet? Blir jo og feil å ikkje ta med Kosova. stykkjet 16:28, 17 februar 2008 (CET)

Men er dei respektert av andre land? Kanskje det er litt tidlig enno. Det finst jo ei rekkje område som har erklært sjølvstende som ikkje er respektert av andre, som Abkhasia, Transnistria og Sør-Ossetia for å nemne nokre. --Frokor 16:32, 17 februar 2008 (CET)
Det er vel greitt å venta eit par dagar før me òg erklærer dei sjølvstendige. Så lenge Serbia ikkje vil godta vedtaket så er det vel iallfall inntil vidare noko uklårt om Kosovo kan reknast som sjølvstendig. Om Baskarland, Færøyane eller Nord-Irland skulle erklæra sjølvstende i morgon så hadde vel ikkje den jamne nordmann hoppa til og kalla dei nye statar dei første timane då heller. --Tannkrem 16:45, 17 februar 2008 (CET)
Ein ting vi kan gjere er å ha ei side der det er lista opp "Frigjeringsprosjekt i Europa" eller liknande. Sjå en:List_of_active_autonomist_and_secessionist_movements for eksempel på dette. Dette vil ta bort ein del av problematikken. Spørsmålet er då om vi er istand til å rangere seriøsitet og sjangsen for dei enkelte prosjekta. Og om vi gidd eit så stort arbeid. --Krekling 18:08, 14 mars 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 21:34 (CEST)

[daud lenkje]

Feil i teksten - Australia blir nevnt som verdensdel[endre wikiteksten]

I tekstens 2. avsnitt, "Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata. Berre Australia er mindre.", betegnes Australia som verdensdel. Dette er ikke korrekt, da den verdensdelen i dag heter Oceania og inkluderer bl.a. New Zealand og en del andre øyer i havområdene rundt. Arealet må da også dobbeltsjekkes da dette dekker mye hav. Her må man også vurdere om man skal regne havområdene inn i arealet grunnet at området som dekkes er eksepsjonelt stort.

Dette er no endra til Oseania, som er den minste verdsdelen (i landareal). --Ranveig (diskusjon) 22. september 2014 kl. 11:26 (CEST)