Diskusjon:Keisarforuma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tittel[endre wikiteksten]

Artikkelen heiter no Keisarforuma. Eg synest den rette artikkeltittelen må vera Keisarforum i eintal. "Keisarforuma" er ikkje noko fleirtalsnamn som "Færøyane" eller "Dei sameinte nasjonane". Me snakkar ikkje om éi Færøy eller éin sameint nasjon, men me kan gjerne snakka om eitt keisarforum.

Forøvrig er keisarforum ei gyldig fleirtalsform av ordet òg; Det er faktisk feil å skriva keisarfora i ubunden form fleirtal dersom du skriv "keisarforuma" i bunden form fleirtal — det heiter anten keisarforum – keisarforumet – keisarforum – keisarforuma, eller keisarforum – keisarforumet – keisarfora – keisarfora(a).
--Verdlanco\diskusjon 3. mai 2005 kl. 1139 (UTC)

Ja, no er det no ingen som har skrive «keisarfora» i ubunde fleirtal og «keisarforuma» i bunde fleirtal, så vidt eg kan sjå. Elles er eg sjølvsagt 100 % einig med deg på det punktet. (Vil berre leggje til sideformene «keisarforumi» og «keisarforai» i bunde fleirtal.)
Når det gjeld bunden eller ubunden form i artikkelnamnet, så er eg derimot litt meir tvilande: Vi snakkar om ei definert gruppe av fem spesifikke forum i Roma her – ikkje om ei open gruppe av forum der ein kjem til å leggje til keisarforum i Aachen eller Berlin – eller London for den saks skuld... Men om vi vil gjera dette enda klårare, så kunne vi no leggje artikkelen på «Keisarforuma i Roma». Eller, etter mitt syn enda betre, vi kunne rett og slett bruke det italienske samlenamnet — som etter mitt syn (òg) er eit eigennamn. Du nemner «Dei sameinte nasjonane» og «Færøyane» som argument for ditt syn. No er no overgangen mellom eigennamn og fellesnamn temmeleg flytande. Når det gjeld éin sameint nasjon, så kan vi no gjerne seie dét. Men det har ei noko anna tyding: Vi kan gjerne seie at Jugoslavia var, eller prøvde å vera, ein sameint nasjon, men at dette eksperimentet sprakk da Tito døydde. Du seier at vi ikkje kan snakke om éi Færøy, og det skal eg no vera einig med deg i. Men vi kan no gjerne snakke om éi færøy (med liten forbokstav). Dette er kanskje ikkje typisk normativ språkbruk, men det er fullgod norsk. -- Olve 3. mai 2005 kl. 1830 (UTC)
Olve har sjølvsagt heilt rett. Døma mine var ikkje heilt analoge til ordet «keisarforuma». Poenget mitt er (som Olve heilt sikkert skjøna) at fleirtalsforma av dette ordet etter mi meining ikkje er eit innarbeidd særnamn, og difor tykkjer eg ikkje at «Keisarforuma» (eller kvifor ikkje Keisarforai, eller Keisarforaa eller …) kjem inn under unnataka til regelen om at artikkeltitlar i Nynorsk wikipedia skal vera i eintal.
--Verdlanco\diskusjon 3. mai 2005 kl. 1855 (UTC)
Bruken av eintal eller fleirtal i artikkeltitlar her på nn: har ikkje så mykje med innarbeidde særnamn som med logisk resonnement å gjera. Vi har artiklar om generelle folkegrupper i fleirtal: samar, jødar, romanifolk, for å nemne nokre lokale grupper. Vi har ikkje artiklane same og jøde anna enn som tilvising, sidan folkegrupper per definisjon er samansette av eit større tal individ og med mykje større varisjon enn vi gjerne finn i samband med yrkesgrupper. Det er relativt enkelt å definere kva ein komponist er. Men det er mykje vanskelegare å definere kva ein jøde eller same eller sigøynar er utan å ty til stereotypar. Vi brukar ikkje bunden form fordi desse gruppene er meir eller mindre ope definerte. Vi brukar forma Færøyane fordi dette er den etablerte namneforma på norsk. Vi brukar forma kyrkje i ubunde eintal for artikkelen som handlar om kyrkjebygningar generelt. Éi kyrkje er nok til å definere kategorien, medan éin samisk person ikkje definerer folkegruppa same. Vi brukar ubunden form fordi kvar enkeltkyrkje er ein fullgod representant i seg sjølv og ikkje nødvendigvis står i nær samanheng med andre kyrkjer. Artikkelen kyrkja handlar om samfunnsfenomenet kyrkje som heilskap, eller om kristne samfunn generelt — dermed er det naturleg å bruke bunden form. I mange fall er det glidande overgang: Det er vanskeleg å seie om det er best å ha artiklar om spesifikke religionar i ubunden eller bunden form. Det er naturleg å ha artikkelen vals, men det er verre å bestemme seg for om det er best å ha sunndalsvals eller sunndalsvalsen som artikkelform, sidan denne artikkelen vil handle om eit mykje meir spesifikt materiale. Så alt i alt er det ikkje berre å seie at «regelen [er] at artikkeltitlar i Nynorsk wikipedia skal vera i eintal», eller «i ubunden form», for den saks skuld... -- Olve 3. mai 2005 kl. 2100 (UTC)
Heilt einig.... ville berre nemne at det etterkvart hadde vore fint å få artiklar om same, jøde, sigøynar osb., som handla om slike stereotypar på ein NPOV måte. Seier ikkje at det enkelt, men det kunne bli veldig interessante og gode artiklar. --Guttorm 3. mai 2005 kl. 2140 (UTC)
At det ikkje er heilt innarbeid har vel like mykje med det at det ikkje nødvendigvis er allmenkunnskap (eg hadde ikkje høyrt om det før, iallfall ikkje på ein slik måte at eg hadde bite meg merke i det) å gjere. Eg tykkjer likevel at det bør vere bunden fleirtalsform her, det er jo ikkje ein generell artikkel om emnet Keisarforum som kanskje bør finnast. -- Larsivi 3. mai 2005 kl. 1956 (UTC)
Einig med Larsivi (sjå nedanfor for detaljar).
Kva med rett og slett å kalle artikkelen «Fori Imperiali»? :-) Dét ser no ut til å vera ei vel så etablert namneform i skandinavisk [1] som keisarforum med sine variantar [2]. (Som vi ser av sistnemnte referanse, så blir termen «keisarforum» i eintal òg faktisk bruka om tilsvarande plassar i Berlin o.a., så den tittelen er dermed upresis for dette spesifikke artikkelinnhaldet.)
Så alt i alt burde vi kanskje rett og slett kalle artikkelen «Fori Imperiali», og så kan vi no ha omdirigeringar frå dei ymse omsetjingsformene nokon kunne finne på å søkje på.
Og kanskje burde vi òg, som Larsivi føreslår, ha ein meir generell artikkel under namnet «keisarforum»? -- Olve 3. mai 2005 kl. 2003 (UTC)

Det er jo fleire forum og ikkje berre eitt det er snakk om! Eirik 3. mai 2005 kl. 2031 (UTC)

Ser ut til at dei fleste er nokolunde einige her. Ettersom det ikkje har komme noka innvending mot namnet Fori Imperiali, så vil eg no flytte artikkelen dit, med tilvisingar frå fleire andre former, men med rom for utvikling av ein meir generell artikkel med namnet Keisarforum. -- Olve 3. mai 2005 kl. 2209 (UTC)
Ja, denne artikkelen lyt visst handla berre om dei romerske keisarforaa dersom me skal kunna kalla han Vekas omsetjing. No kan eg korkje italiensk eller latin, men viss vi ikkje skal finna eit norsk namn, bør vi vel helst bruka det latinske? Keisarforaa heiter Fori Imperiali på italiensk. Kan einkvan finna ut om dette er korrekt latin òg?
--Verdlanco\diskusjon 4. mai 2005 kl. 0535 (UTC)
Fori Imperiali' er korrekt latin. Cnyborg 4. mai 2005 kl. 1102 (UTC)