Diskusjon:Kypros

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

EU/EØS-boks[endre wikiteksten]

Tanken min bak delinga av denne artikkelen var å ha ein artikkel om øya (gjerne med naturgeografiske fakta), og ein om kvar statsdanning. Som den eine av dei to folkerøystingane slo fast, er øya Kypros ikkje med i EU, eg gjer dermed framlegg om å spare EU-boksen til der han høyrer heime, under Republikken Kypros. Trondtr 11. juni 2006 kl. 11:49 (UTC).

Oppdaga nettopp delinga av artikkelen, og må sei eg er sterkt ueinig. Ein rask sjekk tyder på at nn-wiki er den einaste som deler inn artikkelen om Kypros på denne måten. Merk at Nord-Kypros er ei ikkje anerkjent statsdanning. Kypros er formelt eitt land. Nord-Kypros bør sjølvsagt ha ein artikkel, men artikkelen om Kypros bør ta for seg den internasjonalt anerkjente statsdanninga Kypros. (Barend 12. juni 2006 kl. 15:20 (UTC))
OK, ikkje heilt den einaste, men likevel. (Barend 12. juni 2006 kl. 15:21 (UTC))
Det er sant at det store fleirtalet av wikipediaar delar, og det er sant at den eine av dei to er anerkjent i langt større grad enn den andre. Men Kypros er ei øy, med to statar på, som Hispaniola er det, og det å seie at øya = republikken er å la språket forme røynda i sitt imaginære bilete. Trondtr 06:44, 22 august 2006 (UTC).
Eit anna døme på prinsippet øya først - deretter statane, for ei øy det har vore strid om, finn du under artikkelen om Irland, både vår artikkel og t.d. artikkelen på engelsk Wikipedia. Trondtr 19:09, 27 august 2006 (UTC).
Det er ikkje det som er problemstillinga her. Problemet er ikkje geografisk, men politisk. Ved å rekna Kypros inn i same kategori som Hispaniola og Irland anerkjenner ein statsdanninga Nord-Kypros som ein eigen stat, noko korkje Noreg eller nokon andre land i verda utanom Tyrkia gjer, og dermed gir ein òg ei implisitt anerkjenning av den tyrkiske okkupasjonen av Nord-Kypros. --Barend 15:10, 28 august 2006 (UTC)
Slik eg ser det er Kypros ei øy. Spørsmålet om anerkjenning er politisk, og ikkje språkleg. Viss staten (republikken) Kypros blir det same som øya Kypros, blir det umogleg å diskutere desse sakene i det heile. Trondtr 15:22, 28 august 2006 (UTC).
(Rykker litt inn først). Eg er ikkje sikker på om eg forstår kva du meiner, derfor presiserer eg heller kva eg meiner:
Det fins to slag øystatar.
  • Ein type, som Island, Cuba, Madagaskar, Nauru, består av ei øy (+ kanskje litt holmar). Denne typen øyer har ein artikkel i wikipedia. Me har ikkje ein artikkel om øya Island og ein om republikken Island.
  • Ein annan type, som Aust-Timor, Haiti, Republikken Irland, Papua Ny-Guinea, som består av delar av ei øy. For desse øyane har me (eller bør ha) to artiklar; ein for Timor og ein for Aust-Timor, ein for Hispaniola og ein for Haiti, osb.
Spørsmålet om me skal definere Kypros som den eine eller den andre typen er eit politisk spørsmål, ikkje eit språkleg eller geografisk spørsmål. Eg meiner Kypros er av same type øy som Island og Cuba. Sjølvsagt bør me òg ha ein artikkel om Nord-Kypros, men artikkelen om Kypros og republikken Kypros bør vera den same, ellers anerkjenner me implisitt den tyrkiske okkupasjonen av Nord-Kypros.--Barend 17:19, 28 august 2006 (UTC)
På tysk wiki er artiklane om Kypros delt opp i Zypern (Insel) (Øya Kypros), med geografi og historia til heile øya. Nyare politikk vert omtala i artiklane Republik Zypern og Türkische Republik Nordzypern. Då kan Kypros anten vera ei omdirigering eller ei fleirtydingsside. Er dette ei mogleg løysing? --Gunnernett 17:38, 28 august 2006 (UTC)
Som det vil gå fram av interwikilenkjene har eg no undersøkt dei andre wikiane. Tysk, fransk, finsk, slovakisk og tyrkisk har den løysinga som nynorsk for augneblinken har - ein artikkel om øya, ein for republikken og ein for Nord-Kypros. Dei andre wikiane har ein artikkel for Kypros (republikk og øy) og ein for Nord-Kypros.--Barend 17:56, 28 august 2006 (UTC)
Poenget mitt er berre at Kypros er ei øy med to statar. Spørsmålet om anerkjenning er politisk, sjølvsagt, men leksikonartiklar skal fortelje korleis ting er, og deretter eventuelt korleis vi meiner det skulle ha vore. Du kan ikkje seriøst meine at Kypros er ei øy av same type som Island (det ville ha vore å føre lesarane bak lyset) sjølv om både du, eg og det internasjonale samfunnet kan meine at det burde ha vore ei øy som Island. Kypros og Cuba har meir til felles, i og med at delar av Cuba er okkupert av framande styrker, men det okkuperte området har ingen ting til felles med ein stat, er heilt fri frå kubanarar (til skilnad frå Nord-Kypros, der det er eit sivilt samfunn av kypriotar i tillegg til dei tyrkiske soldatane), og det er dermed urimeleg å dele Cuba-artikkelen i tre (øya, staten og militærbasen). Kypros, derimot, er de facto delt. Trondtr 16:58, 1 september 2006 (UTC).