Diskusjon:Periodesystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Test av malar i periodesystemet[endre wikiteksten]

Etter inspirasjon frå isotoptabellen der redigeringa vart enklare og filstorleiken halvert ved hjelp av malar, har eg laga ein test med bruk av malar i periodesystemet: Periodesystemet/Periodesystemtest. No blei ikkje fila særleg mindre, men eg tykkjer tabellkoden er meir oversiktleg. Ta gjerne ein kikk på korleis det ser ut både utanpå og inni koden.

Hovudmalen er Mal:Grunnstoff/Celle som tar seks argument: nummer, namn, symbol, tilstand, serie og førekomst. Ut frå desse argumenta blir andre malar brukt indirekte for tekstfarge / bakgrunnsfarge (Mal:Grunnstoff/Farge/...) og rammestil (Mal:Grunnstoff/Ramme/...). Malane for bakgrunnsfarge er dei same som i faktaboksane i grunnstoffartiklar der hovudmalen er Mal:Grunnstoff, og kan endrast for alle stoffa i same serie på ein gong. Som eit døme blir periodetabellcellene for kvikksølv og polonium koda som vist nedanfor og ser ut som vist til høgre:

80
Hg
84
Po

| {{Grunnstoff/Celle |80|Kvikksølv|Hg|Væske|Transisjonsmetall|Grunnelement}}
| {{Grunnstoff/Celle |84|Polonium |Po|Fast|Halvmetall|Naturleg_radio}}

Viss det er akseptabelt, vil eg gjerne innføra dei nemnde malane i periodesystemet. --Eddi (Snakk) 23. august 2005 kl. 21:28 (UTC)

Ved fyrste augekast ser det bra ut, bortsett frå grønfarga på 80-talet til kvikksølvet. Den har blitt veldig skrikande... --KRISTAGAα-ω 23. august 2005 kl. 22:19 (UTC)
Ja, det blei litt ubalansert med den lime-grøne toppen... Eg omsette "green" til "#00FF00" basert på fleire kjelder, men då eg endeleg fann fasiten stod det "#008000". Det er herved retta. Takk for at du såg det. --Eddi (Snakk) 23. august 2005 kl. 23:46 (UTC)

Malane er no lagde inn i periodesystemet. --Eddi (Snakk) 27. august 2005 kl. 19:57 (UTC)

Feil visning av prikkete rammer[endre wikiteksten]

Eg ser ingen skilnad mellom strekete og prikkete rammer rundt dei naturleg radioaktive og kunstig radioaktive grunnstoffa – dvs. begge er strekete – når eg nyttar internet exploder på windows, men på linux ser det bra ut i opera, mozilla, konqueror, firefox og epiphany. Er det andre som har slike problem med windows eller IE, og har de noko forslag til løysing? --Eddi (Snakk) 24. august 2005 kl. 00:06 (UTC)

Med Firefox på WinXP ser det ut som det skal heilt fint ut, medan IE visar identiske rammer. Eg har diverre ikkje noko framlegg til løysing, kanskje det er fiksa i Windows Vista? --Guttorm 24. august 2005 kl. 07:48 (UTC)
Eg kan spørja på engelsk og sjå om dei har nokon idéar. --Eddi (Snakk) 24. august 2005 kl. 08:25 (UTC)

Raudt og grønt fargesyn[endre wikiteksten]

r g b sv Former i serie
80
Hg
80
Hg
80
Hg
80
Hg
Fast
Væske
35
Br
35
Br
35
Br
35
Br
Gass
Væske
10
Ne
10
Ne
10
Ne
10
Ne
Gass
7
N
7
N
7
N
7
N
Fast
Gass

I det engelske periodesystemet er dei «flytande» atomnummera (35, 80 og 112 for hhv. Br, Hg og Uub) endra frå grønt til blått for at nummeret på Hg betre skal kunna lesast av raudt/grønt fargeblinde. Skal me gjera det her òg, og blir det i så fall god nok skilnad mellom blått og svart? Finst det andre alternativ? Figuren til høgre viser eit utval av tekstfargar (raud/grøn/blå/svart) for Hg, Br, Ne og N, som dekkjer dei kjemiske seriane som inneheld væsker og gassar. Den bakerste kolonna viser tilstandsformene som førekjem i dei enkelte seriane. --Eddi (Snakk) 24. august 2005 kl. 12:37 (UTC)

Utvida periodesystem med grunnstoffnamn og atommasse[endre wikiteksten]

Denne gongen inspirert av en:Periodic table (large version) har eg lagt til rette eit utvida periodesystem som i tillegg til nummer og symbol inneheld grunnstoffnamn og atommasse: Periodesystemet/Periodesystemtest2. Kva bør artikkelen kallast? Periodesystem (stor versjon), Periodesystem (stor utgåve), Stort periodesystem, ...? --Eddi (Snakk) 24. august 2005 kl. 21:41 (UTC)

Periodesystemet i stor versjon? --KRISTAGAα-ω 24. august 2005 kl. 21:51 (UTC)
Eller Periodesystemet i stor utgåve? Litt lettare å vri tunga då, synest eg. Eg trur i alle fall det er lurt om det startar med «Periodesystem(et)» så dei to versjonane kjem saman i kategoriar og slikt. (Mitt eige forslag om Stort periodesystem var i så fall dårleg.) --Eddi (Snakk) 25. august 2005 kl. 12:11 (UTC)

Testsida er flytta til Periodesystemet i stor utgåve. Forklaring av malen som er brukt der, finst under Maldiskusjon:Grunnstoff/Celle. --Eddi (Snakk) 25. august 2005 kl. 22:50 (UTC)

Atomvekt[endre wikiteksten]

Bør ikkje gjennomsnittleg atomvekt vera med i tabellen?--Gunnar Mikalsen Kvifte 15:12, 9 februar 2008 (CET)

Sjå Periodesystemet i stor utgåve. Mvh Fredrifj 00:08, 1 april 2008 (CEST)