Hopp til innhald

Neon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fluor Neon Natrium

Basisdata
Namnneon
SymbolNe
Atomnummer10
UtsjånadFargelaus
Plass i periodesystemet
Gruppe18
Periode2
Blokkp
Kjemisk serieEdelgass
Atomeigenskapar
Atomvekt20,1797 u
Kalkulert atomradius57 (38) pm
Elektronkonfigurasjon[He]2s2p6
KrystallstrukturKubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
StofftilstandGass
Smeltepunkt−248,59 °C, 24,56 K
Kokepunkt−246,08 °C, 27,07 K
Molart volum22 400 cm³/mol
Tettleik0,8999 kg/m³
Hardleikn.a. kg/m³
Fordampningsvarme1,77 kJ/mol
Smeltevarme0,34 kJ/mol
Damptrykk10 000 Pa
Lydfart435 m/s
Elektrisk leiingsevne(?) MS/m
Termisk konduktivitet0,0493 W/(m·K)
Ioniseringspotensial2080,7 kJ/mol
3952,3 kJ/mol
6122 kJ/mol
9371 kJ/mol
12177 kJ/mol
15238 kJ/mol
19999 kJ/mol
23070 kJ/mol

Neon er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ne og atomnummer 10. Neon er ein edelgass, og er relativt vanleg i universet, men ikkje på jorda, og finst i små mengder i atmosfæren. Neon gir ein klar raud farge når det skjer ein elektrisk utlading gjennom gassen, og blir derfor brukt ein del i lysrøyr.

Særlege kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Neon er ein fargelaus, luktlaus og ureaktiv edelgass.

Neon er mest kjent for bruk i farga lysrøyr(neonlys), og ofte brukt i reklameskilt og fasadar som skal vekke oppsikt, slik som teater, kinobygg, kasino og liknande. Når det skjer ein elektrisk utlading gjennom neongass, sender gassen ut ein klar raud farge, og det er denne fargen som er kjenneteiknet på neonlys.

Neon vert og brukt i gasslaser.

Sir William Ramsay og Morris W. Travers oppdaga neon i 1898.

Neon dannar ikkje sambindingar.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Neon er sjeldan i på jorda, men finst som eit sporstoff i luft, der ein finn ein del neon i 65000 delar luft. Neon blir framstilt ved destillasjon frå luft.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]