Diskusjon:Ryfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Det finst ein del ulike definisjonar av Ryfylke, men eg har eigentleg aldri tenkt på Nedstrand som ein del av Ryfylke. Nedstrand skil seg òg ut frå dei andre 8 stadane som er opplista med at det ikkje er ein kommune lenger, men høyrer inn under Tysvær. Tysvær kommune reknast vel for ein del av tjukkaste Haugalandet vanlegvis? Det står òg å lesa på Tysvær sine heimesider. Bjarte 19. januar 2006 kl. 06:44 (UTC)

Ikkje at eg har noko mot nedstrandsbuar, sjølvsagt :P, og eg er òg klar over sterke tilknytingar til Ryfylke (som det òg har vorte skrive om her). Interessant nok listar Caplex opp Vindafjord, men ikkje Nedstrand som ein del av Ryfylke. Bjarte 19. januar 2006 kl. 06:47 (UTC)
Etter det eg har forstått er ikkje Haugalandet noko røynleg områdenamn etter gamalt. Haugesund var ikkje regionssentrum, og langt mindre nokon by før på 1800-talet ein gong. Eg har tokken av at omgrepet Haugalandet er eit imperialistisk påfunn i dei seinare åra, der Haugesund gjer alt det maktar for å verta "byen" eller sentrum for eit jamt større område - Haugalandet. Soleis ser me at kommunane Etne og Sveio er tekne med under Haugalandet, endå dei ligg i Hordaland, og me høyrer òg Bømlo, Stord, Fitjar og jamvel Kvinnherad vert femnde av imperiemakta Haugalandet (altso heile Sunnhordland). Ja, kommunen Ølen er endåtil flutt til Rogaland og slegen saman med Vindafjord, so imperialismen sigrar i somme stykke (diverre). Eg veit det ikkje, men eg undrast om ikkje Nord-Rogaland sokna til Ryfylke i eldre målbruk... --Berre ei sleggje 19. januar 2006 kl. 08:48 (UTC)
For å livna opp i ein gammal diskusjon: Eg fann dette sitatet på Ryfylke IKS si nettside: Ryfylke er i dag dei seks kommunane Finnøy, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. Altså ikkje Kvitsøy og Rennesøy. Martin 9. januar 2011 kl. 23:45 (CET)
Med kartskisse frå denne denne boka som kjelde: Hanne Thomsen: Hva landskapet forteller, side 33:
Ryfylkeøyane: Alt i Boknafjordbassenget sør og aust for Kvistøy og Bokn
Ryfylkefjordane: Fjordane frå Høgsfjorden i sør til Saudafjoden og Vindafjorden i nord.
Ryfylkeheiane: Rogaland aust for fjordane, men uklår grense mot Sirdalsheiane i søraust.
Men kva meiner kommuneadministrajonane sjølve? Frå nettstadene deira:
snl.no har ein omfattande artikkel, det kan sjå ut som at Ryfylket minkar i storleik. Eg ville tatt ut Kvitsøy frå lista i nn:artikkelen, men halde Rennesøy inne. --Roar 10. januar 2011 kl. 20:06 (CET)