Hopp til innhald

Haugalandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haugalandet frå lufta.

Haugalandet er eit distrikt nord i Rogaland (og sør i Hordaland). Det er ikkje eit historisk landskap som mange andre norske distrikt, men eit funksjonelt omgrep som har vorte etablert på 1900-talet som nemning på den relativt unge byen Haugesund og opplandet.

Haugalandet omfattar stort sett Haugesundshalvøya og nærliggande øyer, men nokon eintydig definisjon av kvar grensene går finst ikkje. Rogalandskommunane Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord vert alltid medrekna. Desse kommunane (unnateke gamle Ølen kommune som vart innlema i Vindafjord i 2006) utgjorde tidlegare den nordvestre delen av Ryfylke, men vert i dag sjeldan rekna dit.

Ølen var ein del av Sunnhordland i grannfylket Hordaland. Dit høyrer framleis Etne og Sveio kommunar, særleg i historisk forstand, men dei vert i mange samanhengar òg rekna til Haugalandet, der dei naturlegare høyrer heime når det gjeld f.eks pendling og handel. Også Suldal og Sauda, vert rekna til Haugalandet i enkelte samanhengar, men er ellers framleis ein del av Ryfylke.

Haugaland domssokn femnar om alle ovan nemnde kommunar, unnateke Sveio.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd 2012 Folkemengd 2000 Flatevidd km² Målform
1106 Haugesund kommune Haugesund Haugesund 38 441 34 331 73 Bokmål
1145 Bokn kommune Bokn Føresvik 893 829 47 Nynorsk
1146 Tysvær kommune Tysvær Aksdal 11 715 10 046 425 Nynorsk
1149 Karmøy kommune Karmøy Kopervik 43 723 39 886 230 Nøytral
1151 Utsira kommune Utsira Utsira 217 218 6 Nøytral
1160 Vindafjord kommune Vindafjord Ølensjøen 9 069 8 260 620 Nynorsk
Totalt Haugalandet 97 047 93 570 1 402

Massemedium

[endre | endre wikiteksten]

Haugesunds Avis er største avis, og den einaste som dekker heile regionen. TV Haugaland dekker òg området.

Haugalandet har namn frå garden Hauge, som òg har gjeve namn til distriktets sentrum, Haugesund. Namnet skal fyrst ha vore nytta av Ivar Aasen, i diktet «Haraldshaugen» frå 1852. Fyrste vers er slik:

Her ser eg Haralds
Haug fyre Augom;
lenge var eg lystad
at lydast til honom.
Botnad paa Berget
berrsynt mun han standa
millom Hump og Hamar
paa Hauga-Landet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]