Diskusjon:Sportsklubben Brann
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007. Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007 |
Denne artikkelen var føreslått som god artikkel, men blei ikkje vald ut. Den arkiverte diskusjonen ligg under.
Sportsklubben Brann[endre wikiteksten]
Eg ynskjer gjere framlegg om at artikkelen om Sportsklubben Brann vert merka som god. Dette har vorte ein solid artikkel kor det finn det aller meste som er verdt å vite (pluss litt til) om emnet. I tillegg har vi artiklar som alle spelarane i stallen. --Cato 19:28, 8 februar 2008 (CET)
Kommentarar[endre wikiteksten]
Nesten med det same eg byrjar å lesa denne artikkelen, finn eg ein grov feil. I det same avsnittet står det først at klubben vart skipa som Ski- og Fodboldklubben Brann, deretter at det opphavlege namnet var Sportsklubben Fart. Eg synest òg at t.d. informasjon om kven som leverer kleda til spelarane, ikkje har noko å gjera i innleiinga til artikkelen. Så er det sjølvsagt fritt fram for å endra artikkelen slik at han vert meir leksikalsk, grundig og korrekt, men førebels er dette ein soleklår avslagskandidat. --Tannkrem 20:53, 8 februar 2008 (CET)
- Denne artikklen kler raudt betre enn fargen ville kledd ein artikkel om Viking. Synsing høyrer sportssjargongen til, så det toler vi òg. Men detaljane imponerer neppe Arne Scheie enno. Artikkelen er på veg, men han er ikkje i mål enno. -- Knut 21:02, 8 februar 2008 (CET)
Røysting[endre wikiteksten]
- For. Særs god artikkel. Hittil er ingen idrettsartiklar merka som gode. --Cato 19:29, 8 februar 2008 (CET)
- Imot Fri for kjelder, språkleg svært variabel, lite leksikalsk, mykje synsing. --Bep 20:08, 8 februar 2008 (CET)
- Imot Kandidaten har absolutt potensiale, men då må det nok leggjast litt meir arbeid i han. Framleis er det ein del nøkkelpersonar som er raude. Anders 20:31, 8 februar 2008 (CET)
- Imot --Tannkrem 20:53, 8 februar 2008 (CET)
- Imot - artikkelen er ikkje heilt der ennå. Sju hav (diskusjon) 1. juni 2020 kl. 20:29 (CEST)
- Kommentar: Burde det ikkje vere ein dato her: "Avstemmingen avsluttast på dato ...". Helsing Sju hav (diskusjon) 1. juni 2020 kl. 20:32 (CEST)
evt. surmuling (frå andre) mens ein hjelp_r ein "foreldrelaus" artikkel[endre wikiteksten]
- Fint om ein får rimelig tid, til å fjerne gammalt ræl.
(Viss denne referansen fjernast før "min" oppgave er ferdig, så kan artikkelen ha det så godt.) M.h. Sju hav (diskusjon) 1. juni 2020 kl. 20:18 (CEST)
godt nok?[endre wikiteksten]
- "Brannsmedlemmer". Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 03:24 (CEST)
"Brannmedlemmer" står det no i artikkelen. Godt nok? (Eg er usikker, men hell_r i "Nei-retninga." Fint om administrator ikkje fjern_r raudlenka et cetera (i fra mitt innlegg); viss nokon trenger forklaring på det, då kommer ein nok til å nemne saken til Jimbo Wales i samme slengen. Han liker jo å informerast om ståa/ stoda på dei einskilde wikiene, kan ein seie. Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 11:25 (CEST)
- Skal oppslaget "Brannmedlem" ha ein eigen artikkel? Viss ikkje så bør du ikkje lenkja til det. --Ranveig (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 11:41 (CEST)
- Også ord som (diskutabelt) kan reknast som drit-dårlig norsk, kan ha fleirtydingsside, eller omdirigeringsside eller artikkel. (Fleirtyding kan inkludere medlem av "supporterklubb Brann" eller medlem av "Fotballklubben Brann". ) Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 11:48 (CEST)
- Hvem holder fanen (til sportsklubben) i bildet i artikkelen. (Viss [1] det er Steinar Nilsen, da bør namnet nok nemnast ved siden av bildet.) Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 12:08 (CEST)/ Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 12:09 (CEST)
Referansar[endre wikiteksten]
- Kåre Ingebrigtsen er ny trenar (aug. 2020). Ref: [2]. Sju hav (diskusjon) 9. august 2020 kl. 08:17 (CEST)
utdatert informasjon bør fjernast[endre wikiteksten]
- infoboksen skriv: "hovudtrenar: Lars Arne Nilsen". Det bør fjernast. Lykke til! Sju hav (diskusjon) 9. august 2020 kl. 08:20 (CEST)