Distriktet Andelfingen
Andelfingen Bezirk Andelfingen | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Zürich | ||
Hovudstad | Andelfingen | ||
Areal | 166,64 km² | ||
Folketal | 29 477 (31. desember 2010) | ||
Kommunar | 24 | ||
![]() Distriktet Andelfingen | |||
Wikimedia Commons: Andelfingen (district) | |||
Andelfingen er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nord i kantonen, og har grense til Tyskland i vest og i nord, og til kantonane Schaffhausen i nordvest og Thurgau i aust. Andelfingen hadde 29 477 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 167 km2. Kommunen Andelfingen, som ligg sentralt i distriktet, er hovudstad.
Distriktet består av 24 kommunar. Den mest folkerike kommunen har vel 3 000 innbyggarar.
Kommunane er Adlikon, Andelfingen, Benken, Berg am Irchel, Buch am Irchel, Dachsen, Dorf, Feuerthalen, Flaach, Flurlingen, Henggart, Humlikon, Kleinandelfingen, Laufen-Uhwiesen, Marthalen, Oberstammheim, Ossingen, Rheinau, Thalheim an der Thur, Trüllikon, Truttikon, Unterstammheim, Volken og Waltalingen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Andelfingen (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 4. oktober 2011.