Thurgau
| Thurgau | |||
| Thurgovie, Turgovia | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: TG | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Frauenfeld | ||
| Høgaste punkt | Hohgrat | ||
| • høgd | 991 moh. | ||
| Areal | 991,77 km² | ||
| Folketal | 295 220 (1. januar 2024)[1] | ||
| Kanton sidan | 1803 | ||
![]() Thurgau 47°35′00″N 9°04′00″E / 47.583333333333°N 9.0666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Thurgau | |||
Thurgau er ein kanton nordaust i Sveits. Kantonen grensar til Tyskland og Bodensjøen i nord, og til kantonane Schaffhausen, Zürich og St. Gallen. Thurgau har eit areal på 991 km² og hadde om lag 276 000 innbyggarar i 2018. Frauenfeld er hovudstad i kantonen.


Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kantonen grensar i nord mot den tyske delstaten Baden-Württemberg og kantonen Schaffhausen. Høgste punktet i kantonen er 991 meter over havet og ligg i kommunen Fischingen, lengst sør i Thurgau. Kantonen har namn etter elva Thur som kryssar området frå søraust til nordvest, og som renn vidare ut i Rhinen i kantonen Zürich. 61,0 % av flatevidda er landbruksareal.
Språk og religion
[endre | endre wikiteksten]Tysk er dominerande talemål i Thurgau, den lokale dialekten høyrer til høgalemannisk. 45,1% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 35,6 soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Distrikt og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Thurgau er frå 2011 delt opp i fem distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 80 kommunar. Dei fem distrikta er Arbon, Frauenfeld, Kreuzlingen, Münchwilen og Weinfelden. Til 2010 var Thurgau delt i åtte distrikt.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 1460 var Thurgau eit landområde (Gemeine Herrschaft) underlagt dei sveitsiske kantonane Glarus, Luzern, Schwyz, Unterwalden, Uri, Zug og Zürich.
Thurgau vart eigen kanton i 1798. Han gjekk då med i den kortliva republikken Helvetia. Sidan 1803 har Thurgau vore med i Det sveitsiske eidssambandet, på lik linje med dei fleste andre kantonane.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Thurgau» frå Wikipedia på tysk, den 8. august 2011.

