Distriktet Bellinzona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bellinzona
Distretto di Bellinzona
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Ticino
Hovudstad Bellinzona
Areal 211,88 km²
Folketal 48 231 (2010)
Kommunar 17
Karte Bezirk Bellinzona 2007.png

Bellinzona er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 211,9 km² og hadde 48 231 innbyggarar i 2010. Distriktet, som har namn etter hovudstaden Bellinzona, grensar på i søraust mot Italia og i nordaust mot kantonen Graubünden.

Bellinzona omfattar tre krinsar (italiensk circoli), som består av til saman 17 kommunar. Omframt byen Bellinzona er Giubiasco den einaste kommunen som har meir enn 5 000 innbyggjarar. Dei andre kommunane er Arbedo-Castione, Lumino, Monte Carasso, Gudo, Sementina, Gorduno, Gnosca, Preonzo, Moleno, Giubiasco, Pianezzo, Sant'Antonio, Camorino, Sant'Antonino, Cadenazzo og Isone.

Italiensk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]