Ticino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå Elva Ticino.
Ticino
Tysk: Tessin
Fransk: Tessin
Italiensk: Ticino
Retroromansk: Tessin

Våpenet til Ticino

Kart som viser kor i Sveits Ticino ligg.

Hovudstad Bellinzona
Språk italiensk
Folketal 333 753 (2011)
Areal 2 812 km²
Folketettleik 119/km²
Forkorting TI
Kanton sidan 1803
Høgaste topp 3402 m (Adula/Rheinwaldhorn)
Distriktskart over Ticino

Ticino (it. Ticino) er den sørlegaste av kantonane i Sveits. Kantonen har eit areal på 2 812 km2, og hadde 335 720 innbyggarar i 2009. Bellinzona er hovudstad i kantonen. Han har namn etter elva Ticino.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kantonen grensar til Italia i vest og i sør og søraust, til regionane Lombardia og Piemonte). Ticino har grense til kantonane Valais i vest, Uri i nord og Graubünden i nordaust. Den italienske enklaven Campione d’Italia ligg ved Lago di Lugano, nær byen Lugano.

Ticino er den einaste kantonen som nesten utelukkande ligg sør for hovudvasskiljet i Alpane. Grensa mot nabokantonane ligg stort sett langs den sentrale fjellkjeda i Alpane, med toppar opp til 3 402 meters høgde; Rheinwaldhorn.

Ticino består av sørvende dalar, dei største er dalane til elvane Ticino, Maggia og Verzasca, som alle renn ned i Lago Maggiore. Innsjøen Lago di Lugano ligg nesten heilt sør i kantonen. Alle elvane og innsjøane drenerer via elva Ticino til Po.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Skriftspråket er italiensk i mesta heile kantonen, med unnatak av den walsertyske kommunen Bosco Gurin. Saman med delar av kantonen Graubünden utgjer kantonen Svizzera Italiana, det italienskspråklege Sveits. Talemålet er stort sett lombardiske dialektar. Omtrent 8 % av befolkninga har tysk til morsmål.

Distrikt og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Ticino består av 8 distrikt (distretti) som er delt opp i 38 krinsar (circoli), som i sin tur er delt opp i 190 kommunar. Dei åtte distrikta tilsvarar dalane eller delar av dalane: Bellinzona, Blenio, Leventina, Locarno, Lugano, Mendrisio, Riviera og Vallemaggia.

Dei største byane i Ticino er Lugano, Locarno og kantonhovudstaden Bellinzona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I forhistorisk tid var områda i dagens Ticino busett av ei keltisk stamme kalla Lepontii. Seinare, truleg kring den tid Augustus rådde, vart dei ein del av romarriket. Frå 400-talet vart området styrt av austgotarar, langobardarar og frankarar. Rundt 1100 var det sentrum for kampen mellom bystatane Milano og Como, i det 14. hundreåret kom det definitivt under hertugane av Milano. I det 15. hundreåret erobra det sveitsiske eidsforbundet sør for Alpane i tre ulike krigstokt.

Styrkar frå kantonen Uri erobra Leventina-dalen i 1440. År 1500 la Uri, Schwyz og Nidwalden under seg byen Bellinzona og rivieraen. Det tredje erobringstoktet vart utkjempa av troppar frå heile konføderasjonen (på den tida 12 kantonar). I 1512 la desse under seg Locarno, Maggia-dalen, Lugano og Mendrisio. Deretter vart dei øvre delane av dalen der elva Ticino renn, frå St. Gotthard til landsbyen Biasca ein del av kantonen Uri. De resterande territoria vart styrt av dei tolv kantonane i fellesskap.

Castel Grande i Bellinzona

Landområda i kantonen Ticino var dei siste til å verte erobra av det sveitsiske eidsforbundet. I februar 1798 prøve den cisalpinske republikken å annektere området, men vart stoppa av ein milits av frivillige frå Lugano. Under republikken Helvetia var distrikta Bellinzona og Lugano separate kantonar. Dei to vart sameina i 1803 som kantonen Ticino, ein kanton som same året tiltredde det sveitsiske eidsforbundet som fullverdig medlem. Under Napoleonskrigane gjorde mange tessinarar teneste i sveitsiske militære einingar som var alliert med Frankrike. Opp til 1878 veksla dei tre største byane, Bellinzona, Lugano og Locarno, om å vere hovudstad i kantonen. Sidan har Bellinzona vore fast hovudstad.

Dagens grunnlov er frå 1997. Den førre grunnlova, etter kvart sterkt modifisert, stamma frå 1830, nesten 20 år før konstitueringa av den sveitsiske føderalstaten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]