Distriktet Locarno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Locarno
Distretto di Locarno
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Ticino
Hovudstad Locarno
Areal 591,67 km²
Folketal 61 707 (2010)
Kommunar 29
Karte Bezirk Locarno 2010.png

Locarno er eitt av åtte distrikt i kantonen Ticino i Sveits. Distriktet har eit areal på 591,7 km² og hadde 61 707 innbyggarar i 2010. Distriktet, som har namn etter hovudstaden Locarno, grensar i vest mot Italia.

Distriktet Locarno omfattar sju krinsar (italiensk circoli) som atter består av til saman 29 kommunar. Omframt byen Locarno er det kommunane Minusio, Losone og Ascona som har meir enn 5 000 innbyggjarar. Den i folketal minste kommunen i Sveits, Corippo, ligg i distriktet med 12 innbyggjarar (2010). Dei andre kommunane er Muralto, Orselina, Brissago, Ronco sopra Ascona, Onsernone, Mosogno, Vergeletto, Isorno, Gresso, Gambarogno, Centovalli, Tegna, Verscio, Cavigliano, Lavertezzo, Vogorno, Brione, Frasco, Sonogno, Cugnasco-Gerra, Tenero-Contra, Mergoscia, Brione sopra Minusio og Gordola.

Italiensk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]