Hopp til innhald

Distriktet Moesa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moesa
Distretto di Moesa
distrikt
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Hovudstad Roveredo
Areal 496,03 km²
Folketal 7 863  (2010)
Kommunar 17
Kart
Distriktet Moesa
46°14′00″N 9°07′00″E / 46.233333333333°N 9.1166666666667°E / 46.233333333333; 9.1166666666667
Kart som viser Distriktet Moesa.
Kart som viser Distriktet Moesa.
Kart som viser Distriktet Moesa.
Wikimedia Commons: Moësa (district)

Distriktet Moesa er eit distrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet, som har namn etter elva Moësa, ligg heilt sørvest i kantonen og grensar i aust og sør mot Italia, i vest mot kantonen Ticino. Geografisk er det dei to dalane Val Calanca og Val Mesolcina som utgjer distriktet Moesa. Distriktet dekker eit areal på 496 km² og hadde 7 863 innbyggjarar i 2010. Italiensk er offisielt skriftspråk i distriktet.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Moesa består av tre krinsar (italiensk; circolo') og 17 kommunar (italiensk; comune). Roveredo og Mesocco er dei to einaste kommunane med over 1 000 innbyggjarar.


Krinsen Calanca
Kommune Folketal
(2010)
Areal (km²)
Arvigo97 17.01
Braggio54 6.88
Buseno100 11.26
Castaneda233 3.94
Cauco33 10.89
Rossa108 58.93
Santa Maria in Calanca107 9.32
Selma34 2.88
Krinsen Mesocco
Kommune Folketal
(2010)
Areal (km²)
Lostallo707 50.91
Mesocco1 225 164.76
Soazza351 46.37
Krinsen Roveredo
Kommune Folketal
(2010)
Areal (km²)
Cama462 15.06
Grono952 14.83
Leggia133 9.15
Roveredo2396 38.78
San Vittore714 22.03
Verdabbio157 13.11


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]