Djamila Bouhired

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djamila Bouhired

Fødenamn arabisk جميلة بوحيرد
Statsborgarskap Algerie
Fødd juni 1935
Alger, Algers kasbah
Yrke politisk aktivist, fridomskjempar
Språk arabisk
Politisk parti Front de libération nationale
Religion Islam
Djamila Bouhired på Commons

Djamila Bouhired (fødd cirka 1935) er ein algerisk nasjonalist, kvinneaktivist og tidlegare medlem av den algeriske nasjonale frigjeringshæren.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bouhired blei fødd inn i ein middelklassefamilie. Faren hennar var algerisk og mora hennar tunisisk, og ho var den einaste dottera blant sju søner. 20 år gammal blei ho engasjert i den algeriske frigjeringsrørsla Front de libération nationale (FLN) og den væpna fløya i rørsla, Armée de libération nationale (ALN), som kjempa mot det franske koloniregimet.

Den algeriske frigjeringskrigen[endre | endre wikiteksten]

Frå venstre: Samia Lakhdari, Zohra Drif, Djamila Bouhired og Hassiba Ben Bouali.

Frå 1954 arbeidde Bouhired som kontaktperson og personleg assistent for FLN-kommandøren Yacef Saadi. Brørne hennar var også engasjert i frigjeringskampen.[1]

Bouhired blei eit ikon for den algeriske frigjeringskampen etter at ho blei kjend for å ha planta bomber langs vegane dei franske okkupasjonsstyrkane brukte.

Rettssak og dom[endre | endre wikiteksten]

I 1957 blei Bouhired tiltalt og dømd til døden for å ha planta bomber i franske restaurantar rundt den algeriske hovudstaden Alger. Rettssaka fekk mykje publisitet, og Bouhired blei ein cause célèbre. Ein internasjonal kampanje resulterte i at dommen blei gjord om til livsvarig fengsel.[1] Det var under denne rettssaka at den franske stjerneadvokaten Jacques Vergès utvikla sitt «defense de la rupture», å forsvare gjennom å angripe eit urettferdig lovverk og setje påtalemakta på tiltalebenken.[2] Vergès var sjølv innbiten motstandar av den franske kolonialismen, konverterte til islam og blei algerisk statsborgar.

Tida etter Algeriekrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Algeriekrigen blei avslutta i 1962 blei Bouhired lauslaten. Bouhired og Vergès gifta seg i 1965 og fekk to barn saman. Dei blei skilt i 1970.

Bouhired har seinare markert seg som kvinnesaksforkjempar i heile den arabiske verda.

Våren 2019 spelte Bouhired ei aktiv rolle i demonstrasjonane som kravde at Abdelaziz Bouteflika skulle gå av som president i Algerie. Det vekte særleg oppsikt at ein av dei tidlegare allierte til Bouteflika frå FNL gjekk inn for å kaste den aldrande presidenten.[3][4]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Djamila Bouhired blei skildra i filmen Jamila, the Algerian (1958) av den egyptiske regissøren Youssef Chahine.[5] Ho var ein av tre kvinnelege geriljakrigarar som blei skildra i filmen Kampen om Algerie (1966)[6]. Ho spelar også ei sentral rolle i dokumentarfilmen Djevelens advokat (2007) om Jacques Vergès.[7]

I 1959 skreiv den libanesiske songaren Fairuz låta «Lettre à Djamila» om Bouhired.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Al-Wahaidy, Fatima (19. februar 2018). «Bouhired, the woman who sang “Algeria is our Mother” in French Schools». Henta 6. mars 2019. 
  2. «Djevelens advokat - Jacques Verges (1925–2013) er død». 23. august 2013. 
  3. Kennedy, Dana (7. mars 2019). «Djamila Bouhired, the 83-Year-Old Woman Revolutionary Leading Algeria’s New Uprising». Henta 7. mars 2019. 
  4. Rouaba, Ahmed (1. mars 2019). «Algeria protests: The beginning of the end?». Henta 7. mars 2019. 
  5. Movie Database: Djamila (1958)
  6. Movie Database: Kampen om Algerie (1966)
  7. Movie Database: L'avocat de la terreur (2007)