Dnestråsane

From Wikipedia
Jump to navigation Jump to search

Dnestråsane (rumensk Dealurile Nistrului), òg kalla Det nordmoldovske platået (rumensk Podişul Moldovei de Nord) er eit geografisk område som dekkjer det meste av det nordlege Moldova og delar av Tsjernivtsi oblast i Ukraina. Dnestråsane er den nordlege og nordaustlege delen av Det moldovske platået.

Dnestråsane går langs elva Dnestr, frå elva Colachin, ei sideelv til Prut ved Ploniniskogen til staden der Dnestr tar imot sideelva Răut. Dnestr skil Dnestråsane frå Det podolske høglandet. Dnestråsane er skild frå resten av Det Det moldovske platået (Suceavaplatået, Zjizjijasletta, Bălţisteppa, Det sentralmoldovske platået) av dalen til Răut og sideelvane hennar og delvis av Prut og hennar sideelvar.

Dnestråsane har ei høgd på kring 300 meter over havet.

Kjelder[edit | edit source]