Dominikanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dominikanarordenen.
Skuleklasse i Santo Domingo.

Dominikanarar (spansk Dominicanos) er folk frå Den dominikanske republikken. Dei fleste dominikanarar bur i Den dominikanske republikken på Hispaniola, men det finst òg ein stor dominikansk diaspora i USA, Puerto Rico og Spania. I 2007 var folketalet i Den dominikanske republikken rekna til 9 760 000 av Dei sameinte nasjonane.[1] Ved folketeljinga i 2009 rekna 1 414 703 innbyggjarar i USA seg som dominikanarar.

Dei fleste dominikanarar stammar frå ulike etniske grupper, hovudsakleg afrikanarar, europearar og karibiske tainoar. Nyare innvandrargrupper er haitiarar frå Haiti vest på Hispaniola, arabarar frå Midtausten, særleg Libanon, Syria og Palestina, og ei mindre gruppe austasiatar.

Flesteparten av dominkanarar er spansktalande. Dominikansk spansk likner spanske variantar frå Puerto Rico, Cuba, Panama, Venezuela, Kanariøyane og Andalucia. Det har fleire eldre språkformer enn dagens spansk frå Spania, og fonologi, syntaks og til ein viss grad ordforrådet er påverka av afrikanske språk. I Den dominikanske republikkin blir det òg snakka haitisk og samaná-engelsk.

95,2 % av dominikanarar er kristne, og 88,6 % er katolikkar. 4,2 % er protestantar medan 2,2 % er spiritistar og 1,0 % er mormonarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dominikanarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «World Population Prospects: The 2006 Revision, Highlights, Working Paper No. ESA/P/WP.202.» (PDF). United Nations, Department of Economic and Social Affairs, Population Division. 2007. http://www.un.org/esa/population/publications/wpp2006/WPP2006_Highlights_rev.pdf. Henta 2008-01-13.  (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)