Dominion Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 85°20′S 166°30′E
Dominion Range
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 85°20′S 166°30′E
Administrert under Antarktistraktaten
Dominion Range is located in Antarktis
Dominion Range (Antarktis)

Dominion Range er ei brei fjellrekkje som er kring 48 km lang og dannar store framspring i samløpet mellom Beardmorebreen og Millbreen i Antarktis.[1] Fjellkjeda er ein del av Dronning Maudfjella

Fjellkjeda vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) og namngjeven av Shackleton etter Dominionen New Zealand, som støtta ekspedisjonen økonomisk.[1]

Det høgaste fjellet i rekkja er Mount Mills på 2955 moh.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mount Mills[endre | endre wikiteksten]

Mount Mills er det høgaste fjellet i rekkja på 2955 meter over havet og utgjer den nordlegaste skrenten ovanom Beardmorebreen 13 km nord for Mount Saunders. Fjellet vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) under Shackleton, og kalla opp etter James Mills, som betalte for tauinga av ekspedisjonensskipet «Nimrod» til Antarktis i 1908.[2]

Mount Nimrod[endre | endre wikiteksten]

Mount Nimrod er eit fjell på 2835 meter over havet som ligg 6 km søraust for Mount Saunders. Det vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen og kalla opp etter ekspedisjonsskipet «Nimrod».[3]

Mount Saunders[endre | endre wikiteksten]

Mount Saunders er eit fjell på 2895 meter over havet som utgjer vestskrenten av Dominion Range, 7,2 km nordvest for Mount Nimrod. Det vart oppdaga av Nimrodekspedisjonen (1907–09) og kalla opp etter Edward Saunders, sekretæren til Ernest Shackleton, som assisterte i førebuinga av ekspedisjonen.[4]

Safety Spur[endre | endre wikiteksten]

Safety Spur er eit lite fjellframspring i Dominion Range, som strekkjer seg søraust frå eit breitt isolert fjell mellom munningen av Vandamentbreen og vestsida av Millbreen. Det fekk dette namnet av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1961–62) det var her dei kom fram etter å ha kryssa Millbreen i november 1961.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]