Don't Sleep in the Subway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don't Sleep in the Subway
Singel av Petula Clark
frå albumet These Are My Songs
B-side

«Here Comes the Morning»

Utgjeve April 1967
19. mai 1967 (Storbritannia) [1]
Innspelt 1967
Sjanger pop
Lengd 2:57
Selskap Pye 7N 17325 (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
Vogue STU 42285 (DEN)
Låtskrivar(ar) Tony Hatch, Jackie Trent
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi 
«This Is My Song»
(1967)
Don't Sleep in the Subway «The Cat in the Window (The Bird in the Sky)»
(1967)


«Don't Sleep in the Subway» er ein song skriven av Tony Hatch og Jackie Trent og spelt inn av Petula Clark. Songen vart gjeven ut på singel i april 1967.[2]

Songen vart nominert til Grammy-prisen i 1968 for beste moderne song, men tapte for «Up, Up and Away» av The 5th Dimension.

«Don't Sleep in the Subway» nådde femteplassen på den amerikanske singellista i juli 1967 og vart den siste singelen til CLark som nådde topp 10 i USA og den andre som nådde toppen av Billboard Easy Listening-lista, etter «I Couldn't Live Without Your Love». I Storbritannia nådde singelen 12. plassen.[3]

Songen er òg blitt spelt inn av Betty Chung, Marilyn Maye, Matt Monro, Patti Page, Frank Sinatra, Caterina Valente og Mari Wilson. Ei spansk utgåve kalla «No duermas en el metro», vart spelt inn av både Gelu og Los Stop. Siw Malmkvist spelte ei svensk utgåve kalla «Sov inte på tunnelbanan» i 1970.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia 1
Canada 5
Den tyske singellista 16
New Zealand Singles Chart 7
Sør-Afrika 10
UK Singles Chart 12
US Billboard Hot 100 5
US Billboard Easy Listening 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.45cat.com/record/7n17325
  2. Petula Clark intervjua på Pop Chronicles (1969)
  3. «Record Charts». Petula Clark.net. Henta 30. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Petula Clark