Donets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donets
Severskij Donets, Siverskyj Donets
elv
Donets og Sviatohirsk Lavra
Land  Russland,  Ukraina
Nedslagsfelt 98 900 km²
Lengd 1 053 km
Middelvassføring 159 /s
Kjelde Det sentralrussiske høglandet
 - høgd 200 moh.
Munning Don
Kart
Donets
51°0′26″ N 37°3′34″ E
Wikimedia Commons: Seversky Donets

Donets, Severskij Donets (russisk Северский Донец) eller Siverskyj Donets (ukrainsk Сіверський Донець) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Don frå høgre.

Ho spring ut frå Det sentralrussiske høglandet, nord for Belgorod, og renn søraustover gjennom Ukraina (gjennom Kharkiv, Donetsk og Luhansk oblast) og så inn att i Russland der ho munnar ut i Don i Rostov oblast nedanfor Konstantinovsk, om lag 100 km frå Azovhavet. Donets har ei total lengd på 1053 km.

Dei nedre delane av elva kan nyttast til skipsfart, og vassvegen er ei viktig transportåre i nedslagsfeltet hennar (Donbas), eit område med mykje kolgruvedrift og tungindustri.

Av byar langs Donets finn ein frå kjelda til munningen:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]