Donna Godchaux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donna Jean Godchaux

Godchaux med bandet sitt i 2009.
Fødd22. august 1947 (76 år)
FødestadFlorence i Alabama
USA
FødenamnDonna Jean Thatcher
OpphavUSA
Aktiv1972 til i dag
Sjangerrock, folkrock
Instrumentvokal
Tilknytte artistarGrateful Dead

Jerry Garcia Band Heart of Gold Band

Donna Jean Godchaux Band
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medKeith Godchaux

Donna Jean (Thatcher) Godchaux-MacKay (fødd 22. august 1947) er ein USA-amerikansk songar, mest kjend som medlem av Grateful Dead frå 1972 fram til 1979.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Donna Jean Thatcher vart fødd i Florence i Alabama. Før 1970 arbeidde ho som studiomusikar[1] i Muscle Shoals i Alabama, og song etter kvart med ei gruppe kalla Southern Comfort og song korvokal på minst to hittar som nådde toppen av den amerikanske singellista: «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge i 1966 og «Suspicious Minds» av Elvis Presley i 1969. Vokalen hennar finst òg på klassiske innspelingar av Boz Scaggs og Duane Allman, Cher, Joe Tex, Neil Diamond og mange andre.[2][3] Ho flytta så til California der ho møtte det framtidige Grateful Dead-medlemmet Keith Godchaux, som ho gifta seg med i 1970.[4]

Donna introduserte Keith til Jerry Garcia etter Garcia spelte i Keystone Korner i San Francisco i september 1971. På dene tida arbeidde ikkje Donna Jean so musikar. Ho vart med i bandet kort tid etter og vart verande der til februar 1979.

Donna Jean song kor- og solovokal i gruppa. I tida med Grateful Dead gav paret òg ut albumet Keith & Donna i 1975 med Jerry Garcia som eit medlem i Keith and Donna Band. Til gjengjeld spelte dei i Jerry Garcia Band.

Sonen til Keith og Donna, Zion «Rock» Godchaux frå BoomBox, vart fødd i 1974. Etter Grateful Dead starta paret Heart of Gold Band.

Donna spelte ikkje igjen med nokre av bandmedlemmane i Grateful Dead før Jerry Garcia døydde. Kort tid etter ektemannen døydde i 1980, vart Donna Jean religiøs.[5] Ho gifta seg med bassisten David MacKay (tidlegare Fiddleworms-medlem og bassist for Donna Jean Godchaux Band) og paret flytta til barndomsbyen Florence i Alabama, for å spele i Muscle Shoals Sound Studios.

I 2009 danna Donna Jean eit nytt band, The Donna Jean Godchaux Band, med Jeff Mattson (frå Phil Lesh and Friends, Zen Tricksters og Dark Star Orchestra), etter å ha kome inn att i musikkmiljøet med Mattson og Mookie Siegel (frå David Nelson Band, Phil Lesh and Friends og Ratdog) og danna Kettle Joe's Psychedelic Swamp Revue, seinare kjend som Donna Jean & the Tricksters.[6] Ho har stundom vore gjesteartist for Bob Weir & RatDog, Zero & Steve Kimock, New Riders of the Purple Sage, Dark Star Orchestra og Dead & Company.

I 1994 vart Donna Jean innlemmma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Grateful Dead.[7] Ho bur i Killen i Alabama og er framleis aktivt medlem i musikkmiljøet i Muscle Shoals når ho ikkje turnerer med Donna Jean Godchaux Band med Jeff Mattson.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar og medleiar[endre | endre wikiteksten]

Donna Jean Godchaux in 2008

Med Grateful Dead[endre | endre wikiteksten]

Donna Godchaux var medlem av Grateful Dead frå 1972 til 1979 og deltok på mange av albuma til bandet.[8]

Med andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Donna Godchaux (fødd Donna Thatcher) har medverka med kor- og solovokal på mange album av forskjellige artistar.[9]

Singlar
Videoar
Album

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]