Dornoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dornoch

skotsk-gælisk
skotsk
Dòrnach
Dornach
Dornoch Castle. Foto: Tom Pennington
Dornoch Castle.
Foto: Tom Pennington
Plassering
Dornoch is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Sutherland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 206
Koordinatar 0°3473′″N 4°2′″WKoordinatar: 0°3473′″N 4°2′″W{{#coordinates:}}: ugyldig breddegrad
Diverse annan informasjon
Postnummer IV25
Telefon-retningsnummer 0 1862
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dornoch

Dornoch (skotsk gælisk Dòrnach) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar og var tidlegare burgh. Dornoch ligg på nordaustkysten av Skottland ved Moray Firth, like nord for munningen av Dornoch Firth. Sør for Dornoch på andre sida av Dornoch Firth ligg Tain, lenger nord langs kysten ligg Golspie.

Dornoch hadde status som kongeleg burgh, og var sentrum og einaste burgh i det tidlegare grevskapet Sutherland. Dornoch var òg sete for bispedømmet Caithness, med katedralen Dornoch Cathedral og slottet Dornoch Castle frå 1200-talet. Dornoch Castle er i dag eit hotell.

Dornoch har den tvilsame æra av å vere den siste staden i Skottland der ei heks vart dømt og brunne på bål, ei kvinne ved namn Janet Horne i 1727.

I nyare tid er byen mest kjent for at popstjerna Madonna døypte sonen sin Rocco i Dornoch Cathedral dagen før ho gifta seg med Guy Ritchie i Skibo Castle like utanfor Dornoch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]