Dorothy Ward
Dorothy Ward | |||
| |||
Fødd | 26. april 1890 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aston | ||
Død | 30. mars 1987 (96 år) | ||
Verka som | songar | ||
Born | Peter Glenville |
Dorothy Ward (26. april 1890–30. mars 1987) var ein engelsk skodespelar som spesialiserte seg på pantomime, der ho spelte hovudrolla som ein gut, medan mannen hennar Shaun Glenville spelte dame-roller.[1][2] Ho hadde ein suksessrik karriere over 52 år, og spelte i over 40 pantomimar mellom 1905 og 1957.
Bakgrunn og tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Ward var fødd i Aston (no ein del av Birmingham) i Warwickshire i 1890 som dotter av Eliza (fødd Millichamp, 1867-1946) og Edwin Ward (f. 1866), ein flaskegrossist.[1][3][2] Då ho var 14 år blei ho tatt med for å sjå Jack and the Beanstalk med Ada Reeve i hovudguterolla, og ho bestemte seg for å driva med pantomime. Ho debuterte på scenen ved Alexandra Theatre i Birmingham i 1905, 15 år gamal, som Zenobia i pantomimen Bluebeard.[1]
Etter at ho hadde suksess i denne rolla fekk War tilbod frå Robert Courtneidge om rolla som Betty i den edvardianske musikalske komedien The Dairymaids ved Apollo Theatre i London (1906) i lag med Phyllis Dare og Walter Passmore.[4][5] Under julsesongen 1906 var ho Dandini i pantomimen Cinderella i Edinburgh, der ho var reserve for rolla som Prince Charming. Då hovudspelaren i rolla blei sjuk fekk Ward sin fyrste sjanse til å spela ei hovudrolle. Ho skapte deretter den ikkje-talande rolla som Etoff i Edward German sin komiske opera Tom Jones ved Apollo Theatre i London (1907), og i 1908 spelte ho prinsessa Helene i operetta A Waltz Dream ved Hicks Theatre.[6][7][8] Dette blei følgt av George Edwarde sin produksjon av Havana på Gaiety Theatre,[8] før ho blei med i The Gay Gordons på Aldwych Theatre.[2]
Ward spelte Robin Hood i pantomimen Babes in the Wood ved Prince of Wales Theatre i Birmingham (1909-10), og deretter tittelrolla i pantomimen Little Jack Horner i Newcastle (1910-11), der dame-rolla blei spelt av den unge irske skodespelaren Shaun Glenville. Dei gifta seg i 1911.[9] Sonen deira var skodespelaren og regissøren Peter Glenville (1913-1996).[2]
Toppår
[endre | endre wikiteksten]Ward blei rekna som ei av dei fremste skodespelarane i rolla som principal boy, medan Glenville var kjend som ei pantomime-dame utan like.[10] I 50 år spelte dei derfor ofte mor og son i ulike pantomimar.[2] Dei opptredde saman i slike stykke fram til 1914, då Ward fekk rolla som Louise med Fay Compton og Cicely Courtneidge i The Cinema Star, som turnerte i provinsene før det opna på Shaftesbury Theatre i London. I 1916 var ho med i We're All In It ved London Hippodrome, og turnert gjennom heile 1917 før ho blei gjenforeint med Glenville i Happy Go Lucky (1918).[2] I store delar av 1921 var ho saman med mannen i New York der ho spelte Phoebe Throssel i Quality Street på Shubert Theatre og Cora Angélique i The Whirl of New York ved Winter Garden Theatre.[2]
Ward og Glenville hadde fått roller i Mother Goose ved Alhambra Theatre i Glasgow til julepantominen i 1921. Like før blei Ward henta inn for å erstatta Clarice Mayne i Jack and the Beanstalk ved London Hippodrome mot George Robey. I 1926 var paret med i The Apache ved Theatre Royal i Newcastle før dei drog på turné med stykket, og opna med det på London Palladium i 1927. Seinare var dei på turné med The Blue Train. Ward var Cora Angélique i ei gjenoppsetting av The Belle of New York på Daly's Theatre i London (1931), og følgde dette som Lady Holyrood i ei gjenoppsetting av Florodora. Seinare var ho Nan i A Country Girl, følgd av The Duches of Dantzic. Ho avslutta 1932-sesongen med Glenville i La poupée.[2]
Då andre verdskrigen braut ut var Ward blant dei fyrste underhaldarane som blei med i ENSA, og reiste til Frankrike der ho underheldt troppane.[2] No var paret blitt ganske rike, og åtte mellom anna ein Rolls Royce.
Frå oktober 1944 til januar 1945 spelte Ward Loretta Zelma i Meet Me Victoria ved Victoria Palace Theatre, mot Lupino Lane.[11] På 1950-talet byrja ho å tenke på om ho kunne halde fram med å spela rolla som ung gut meor. I 1957 hadde ho sin siste opptreden i denne rolla, i Dick Whittington ved Pavilion Theatre i Liverpool. Ho var då 66 år, og enda med dette ein karriere der ho hadde spela principal boy nesten kontinuerleg sidan 1905.[2]
Songar og innspelingar
[endre | endre wikiteksten]I løpet av karrieren sin framførte Ward ei rekkje songar skrivne av ein venn av henne og Glenville, Fred Godfrey, mellom anna «Meet Me Jenny When The Sun Goes Down» i ein pantomime i Belfast i 1908. Ward er kjend for å ha spelt inn fire Godfrey-låtar: «Blue Eyes» (Regal G-7170, 1915); «Tommy's Learning French» (Regel G-7219, 1915); «I Love My Motherland» (RegalG-7418, 1916); og «Take Me Back To Dear Old Blighty» (Retal G-7398, 1916). Ho song òg songane hans «It's the Way They Have In The Navy» (1914); «I'm Coming Back to Old Kilkenny» (1915); «Take Me Back to Your Heart» (1916); «You Were The First One to Teach Me to Love» (1911); «Down Texas Way» (1917); «Open Your Heart And Let The Sunshine In» (1920); «Till You Come Back Again» (1926); «Arm In Arm Together» (1931) og «There Is Always A Silver Lining» (1939).[12]
Seinare år
[endre | endre wikiteksten]Ward og mannen slo seg ned i London i 1957, der Glenville døydde i 1968.[13]
Dorothy Ward døydde i Hendon i London den 30. mars 1987, 96 år gammal.[1][14]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Home of Dorothy Ward». Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 25. juli 2014.
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 «It's Behind You - Dorothy Ward and Shaun Glenville». Henta 25. juli 2014.
- ↑ 1891 England Census for Dorothy Ward: Warwickshire, Birmingham, St George - Ancestry.com (krev abonnement)
- ↑ Photograph of Dorothy Ward in The Dairymaids - National Portrait Gallery, London Collection
- ↑ J. P. Wearing, The London Stage 1900-1909: A Calendar of Productions, Performers, and Personnel, Rowman & Littlefield (2014) - Google Books, p. 288
- ↑ Cast list for Tom Jones (1907) - British Musical Theatre website
- ↑ Wearing, The London Stage 1900-1909, p. 399
- ↑ 8,0 8,1 D. Forbes-Winslow, Daly's - The Biography of a Theatre, W. H. Allen & Co., London (1944)
- ↑ England & Wales, Civil Registration Marriage Index, 1837-1915 for Dorothy Ward (1911) - Ancestry.com (krev abonnement)
- ↑ W. MacQueen-Pope, The Melodies Linger On: The Story of Music Hall, (London: W.H. Allen, 1950), p. 340
- ↑ J. P. Wearing, The London Stage 1940-1949: A Calendar of Productions, Performers, and Personnel, Rowman & Littlefield (2014) - Google Books p. 172
- ↑ «Dorothy Ward (1890–1987)». Henta 25 July 2014.
- ↑ The Daily Telegraph Third Book of Obituaries: Entertainers, ed. Hugh Massingberd, Pan Books, 1998 (Macmillan, 1997), p. 10
- ↑ Dorothy Ward-Glenville, England & Wales, Civil Registration Death Index, 1916-2007 - Ancestry.com (krev abonnement)
- Denne artikkelen bygger på «Dorothy Ward» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tributetside av eit familiemedlem (arkivert nettside)
- Portraits of Dorothy Ward - National Portrait Gallery, London