Pantomime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Pantomimeteatret i Danmark.

Pantomime (av gresk παντόμιμος, den som hermar, etterliknar; latin pantomimus;[1]) er eit teateromgrep som kan visa til miming, det å uttrykka seg berre ved hjelp av kroppsrørsler, gestar og ansiktsuttrykk, eller til ulike teatersjangar.[2] Fleire av desse sjangrane utvikla seg frå den italienske commedia dell'arte.

I britisk tradisjon er pantomime eller berre panto ein eigen teatersjanger som har utvikla seg frå tidleg 1700-tal til komiske musikkteaterstykke, som blir spelt i nokså faste rammar, der mange av dei same rollene går igjen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

To pantomimeutøvarar i 1961.

Europeisk komisk pantomime oppstod i Frankrike kring 1700. Denne forma var avleidd frå italiensk commedia dell'arte. Mange av rollefigurane og mykje av innhaldet blei overført, men rollefigurane Harlekin og Columbine var forfremja frå tenarar til eit elskande par, og handlinga i stykka dreidde seg om korleis dei skulle få kvarandre.[2]

Sjangeren oppstod på marknadsteater i Paris. Utøvarar ved desse teatera nytta også akrobatikk og linedans for å underhalda, og stykka dei spelte i fekk preg av fysisk spel. Fransk teaterlovgjeving bidrog også til vektlegginga på det fysiske, ettersom lovane av og til kravde stumme framsyningar. Pantomimeteatera nytta då musikk, ekspressivt kroppsspråk og tekstplakatar for å koma rundt forbodet mot tale.[2]

I 1714 kom denne pantomimesjangeren til England, der han mellom anna under John Rich utvikla eit fokus på forvandlingar, forfølgingar og spesialeffektar. Den moderne britiske pantomimesjangeren er ein etterkommar av denne teaterforma. Dei engelske elementa fekk så innpass i dei parisiske pantomimane på første halvdelen av 1700-talet, og som resultat oppstod ein felleseuropeisk pantomimesjanger som blei spreidd i heile verdsdelen.[2]

I Noreg blei denne typen pantomime mellom anna framført i Trondheim i 1751, under leiing av tyskaren Ferdinand Hallasch. I dag blri det framleis vist ein avart av denne typen pantomime, i forkorta versjon og med ballett, ved Pantomimeteatret i Tivoli i København kvar sommar.[2]

Britisk pantomime[endre | endre wikiteksten]

Pantomime etter britisk tradisjon i Ballarat i Australia.

Britisk pantomime, ofte kjent som Christmas panto, er ein eigen teatersjanger med bakgrunn i den italienske teaterforma commedia dell'arte. Harlekin-figuren (italiensk Arlecchino) frå commedia dell'arte var ein viktig skikkelse i dei tidlegare pantoforestillingene, som hovudperson i ein populær forfølgingskomedie (harlequinade), som del av framsyninga. Sidan viktoriatida har Christmas panto utvikla seg til familieframsyningar som oftast blir spelte ved juletider, dels med menn i kvinneroller og kvinner i mannsroller, og gjerne med ein kjendis i ei av rollene og med publikumsdeltaking i form av faste tilrop som «Han er rett bak deg», «Nei, det er han ei» og «Jo, det er han!» Skodespelarane har overdådige kostyme og repertoaret er gjerne basert på kjente eventyr og soger, med meir eller mindre improviserte endringar.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «pantomime» i Det Norske Akademis ordbok
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Gjervan, Ellen Karoline (23. august 2023). «pantomime». Store norske leksikon (på norsk).  Artikkel med fri gjenbruk.
  3. «V&A · The story of pantomime». Victoria and Albert Museum (på engelsk). Henta 22. oktober 2021. 
  4. «ITS BEHIND YOU DOT COM - The Magic of Pantomime». www.its-behind-you.com. Henta 22. oktober 2021.