Operette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plakat for Orphée aux enfers av Jacques Offenbach.

Operette (frå italiensk operetta, 'liten opera' eller 'lite verk') er eit musikalsk lystspel med song, tale og ofte også dans. På forma minnar operettar om opera, men dei er musikalsk og tematisk lettare og meir tilgjengelege for publikum. Hovudmotivet i ein operette er ikkje sjeldan ei sentimental kjærleikssoge, gjerne med komisk og parodisk tilsnitt.

Operette som eigen musikkteater-sjanger oppstod i Paris1850-talet. Få år seinare blei det oppført tyskspråklege operetter i Wien. Operettane blei ein populær sjanger, der særleg wieneroperetten med ei rekke kjende songar slo an. Operettesjangeren kan reknast som ein forløpar til moderne musikalar og musikkspel.

Publikum ved Théâtre des Bouffes-Parisiens, årestaden til Jacques Offenbach sine operettar (1860)
Plakat til Gilbert and Sullivan-operetten H. M. S. Pinafore.
Teaterplakat for Johann Strauss den yngre-operetten Der Zigeunerbaron frå 1885 som blei sett opp som La tzigane, «ein komisk opera i tre akter», i Paris i 1895.
Frå ei framføring av Giuditta av Franz Lehár under den tradisjonsrike austerrikske operettefestivalen Seefestspielen Mörbisch i 2006.
Operettenhaus i Hamburg i Tyskland er i dag eit moderne musikalteater. Plakaten reklamerer for ABBA-musikalen Mamma mia! i 2005.

Kjende operettar og komponistar[endre | endre wikiteksten]

Av operettesuksessar kan nemnast Flaggermusen (Die Fledermaus) av Johann Strauss d.y. frå 1874 med tekst av Carl Haffner og Richard Genée, Den glade enke (Die lustige Witwe) av Franz Lehár frå 1905 til tekst av Victor Léon og Leo Stein, og Candide av Leonard Bernstein frå 1956 med songtekstar av John Latouche, Dorothy Parker og Richard Wilbur (over ein libretto av Lillian Hellman).

Lista under viser kjende komponister og nokre av operettane deira. Personane er ordna kronologisk etter fødselsår.

  • 1858: Orfevs i underverdenen
  • 1864: Den skjønne Helene
  • 1866: Pariserliv
  • 1866: Ridder Blåskjegg
  • 1867: Storhertuginnen av Gérolstein
  • 1869: Frihetsbrødrene
  • 1880: Operaen Hoffmanns eventyr
  • 1865: Die schöne Galathee
  • 1866: Leichte Kavallerie
  • 1876: Fatinitza
  • 1879: Boccaccio
  • 1874: Flaggermusen (Die Fledermaus)
  • 1883: Eine Nacht in Venedig
  • 1885: Sigøynerbaronen (Der Zigeunerbaron)
  • Hervé (1825–1892), Frankrike:
  • 1869. Le petit Faust
  • 1883: Mam'zelle Nitouche
  • 1881: Die Jungfrau von Belleville
  • 1882: Tiggerstudenten (Der Bettelstudent)
  • 1884: Gasparone
  • Gilbert & Sullivan (Arthur Sullivan (1842–1900), Storbritannia, med librettisten W. S. Gilbert (1836–1911):
  • 1875: Trial by Jury
  • 1878: H. M. S. Pinafore
  • 1879: The Pirates of Penzance
  • 1882: Iolanthe
  • 1882: The Mikado
  • 1889: The Gondoliers
  • 1876: Joconde
  • 1878 Die Fornarina
  • 1880 Capitän Nicoll, oder Die Carbonari
  • 1886 Der Vagabund
  • 1891 Der Vogelhändler
  • 1894 Der Obersteiger
  • Paul Lincke (1866–1946), Tyskland:
  • 1899: Frau Luna
  • 1911: Grigri
  • 1940: Ein Liebestraum
  • 1905: Den glade enke (Die lustige Witwe)
  • 1909: Greven av Luxemburg (Der Graf von Luxemburg)
  • 1910: Sigøynerblod (Zigeunerliebe)
  • 1925: Paganini
  • 1927: Der Zarewitsch
  • 1928: Friederike
  • 1929: Smilets land (Das Land des Lächelns)
  • 1907: Ein Walzertraum
  • 1908. Der tapfere Soldat
  • 1920: Der letzte Walzer
  • 1907: Dollarprinsessen (Die Dollarprinzessin)
  • 1915: Keiserinnen (Die Kaiserin)
  • 1916: Die Rose von Stambul
  • 1923: Madame Pompadour
  • 1912: The Firefly
  • 1924: Rose Marie
  • 1908: Høstmanøver (Tatárjáras)
  • 1915: Czardasfyrstinnen (Die Csárdásfürstin)'
  • 1921: Bajaderen (Die Bajadere)
  • 1924: Grevinne Maritza (Gräfin Maritza)
  • 1926: Sirkusprinsessen (Die Zirkusprinzessin)
  • 1930: Fiolen fra Montmartre (Das Veilchen von Montmartre)
  • Ralph Benatzky (1884–1957), Austerrike:
  • 1930: Sommer i Tyrol (Im weissen Rössl)
  • 1930: Min søster og jeg (Meine Schwester und ich)
  • 1936: Axel i den syvende himmel (Axel an der Himmelstür)
  • 1928: Teaterbåten (Show Boat), regnes av mange som den første moderne musikal
  • 1924: Studentprinsen
  • 1926: Ørkensangen
  • 1928: Nymånen
  • 1930: Viktoria und ihr Husar
  • 1931: Die Blume von Hawai
  • 1932: Ball im Savoy
  • 1933: Clivia
  • 1939: Die ungarische Hochzeit
  • 1937: Maske in Blau
  • 1938: Saison in Salzburg
  • 1941: Die Perle von Tokay
  • 1938: Melodie der Nacht
  • 1940: Frauen im Metropol
  • 1949: Abschiedswalzer
  • 1964: Roulette der Herzen
  • 1968: Alles spricht von Charpillon
  • 1976: Schach dem Boss

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]