DougDoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douglas Scott Wreden
Fødd 18. januar 1991 (31 år)
Yrke twitch-streamer, esports commentator
Språk Engelsk (amerikansk)
Slektningar Davey Wreden (bror)

Douglas Scott Wreden (fødd 18. januar 1991 i Sacramento i California), også kjend som DougDoug og Diablo The Cheater,[1] er ein amerikansk twitch-strøymar og youtubar.[2] Han lagar komiske videoar der han ofte gjer uortodokse utfordringar i forskjellige spel,[3] blant anna Peggle, Skyrim, Mario Party, Grand Theft Auto og fleire. Han startar ofte videoane sine med «hi this is DougDoug where we solve problems no-one has»[4] (hei, dette er DougDoug der me løysar problem som ingen har). Han flytta til Washington i 2020.[5] Han er også broren til Davey Wreden, [6] skaparen av Stanley Parable og The Beginner's Guide.


Tidligare liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Doug Jobba med Electronic Arts frå 2014 til 2015 som programmerar. Han var også programerings-lærar for UC-berkeley i 2013.[7]

Han var tidligare ein hearthstone-youtubar då han jobba for ESL og var organiserar for Hearthstone-verdsmeistarskapen i 2016.[8] Han slutta å fokusere på Hearthstone i 2018 for å fokusere meir på strøyming og andre spel.[9] Han pleidde å lage ein youtubeserie med namn explained with food, der han tek for seg eit spel eller konsept og forsøkte å forklare det med mat[10], men etter januar 2020 har han fokusert meir på å lage videoar basert på twitch-strøymingane sine.

I 2019 heldt Doug ei strøyming- og pengeinnsamling for 20-årsdagen for Rosa, ein oter ved Monterey Bay Aquarium. Summen då blei 320 dollar.[11] Han gjorde det også i 2020, då donerte han 2676 dollar til akvariet,[12] året etter vart det 14 172 dollar.[13][14] Han gjorde det att i august 2022, og fekk då donert 104 327 dollar.[15]

Politiske meiningar[endre | endre wikiteksten]

Doug ytrar sjeldan politiske meiningar offentleg, men han har fleire gonger vore open om sin aksept av LHBT-personar under strøymingane sine. Han la også ut ei twittermelding etter at abortlova i USA vart stramma inn den 24. juni 2022 om at han såg på det som ein trist dag for kvinner sin rett og håpte på ei reversering i framtida.[16] Etter mordet på George Floyd gjorde han også ei strøyming med pengeinnsamling for BLM (the bail project).[17] Under ein QNA på ei av strøymingane blei Douglas spurt om si meining om cannabis og han meinte det burde vere lovleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DougDoug LinkedIn» (engelsk). 
  2. «DougDoug», Wikitubia (på engelsk), henta 31. august 2022 
  3. «DougDoug - YouTube», www.youtube.com, henta 31. august 2022 
  4. DougDoug Intros through the years (på engelsk), henta 31. august 2022 
  5. «FAQ», DougDoug (på engelsk), henta 31. august 2022 
  6. «Huge huge congrats to my brother for hitting a million subs on youtube!», Twitter (på engelsk), 13. november 2020, henta 2. september 2022 
  7. I let an AI rewrite my LinkedIn profile (and forced spammers to read it) (på engelsk), henta 1. september 2022 
  8. How I accidentally ruined Hearthstone's biggest tournament (på engelsk), henta 1. september 2022 
  9. DougDoug Channel Update! New videos and a new name (på engelsk), henta 1. september 2022 
  10. TOP 10 GAMES OF THE DECADE, but explained with food (på engelsk), henta 1. september 2022 
  11. I threw a terrible birthday party for a sea otter (på engelsk), henta 23. september 2022 
  12. Rosa the Otter's 21st Birthday Celebration | Stream VOD 08/26/2020 (på engelsk), henta 23. september 2022 
  13. «we just raised $14,172.92 for Rosa's the Sea Otter's 22nd birthday, with all proceeds going to @MontereyAq», Twitter (på engelsk), 27. august 2021, henta 2. september 2022 
  14. «An extraordinary 22nd birthday party for Rosa the sea otter», www.montereybayaquarium.org, henta 23. september 2022 
  15. «I am at a loss for words, we just raised OVER ONE HUNDRED THOUSAND DOLLARS for Monterey Bay Aquarium», Twitter (på engelsk), 27. august 2022, henta 2. september 2022 
  16. «I'm not sure what to add, other than the ruling today is extremely sad for women's rights and I sincerely hope there's some recourse or reversal in the near future.», Twitter (på engelsk), 25. juni 2022, henta 1. september 2022 
  17. Skyrim but with 1 HP | Stream VOD 06/03/2020 (på engelsk), henta 1. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]