Planeten Venus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Venus
Venus
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 108 208 926 km
0,72333199 AE
Banens omkrins 680 000 000 km
4,545 AE
Eksentrisitet 0,00677323
Perihel 107 476 002 km
0,71843270 AE
Aphel 108 941 849 km
0,72823128 AE
Omløpsperiode 224,70096 d
(0,6151977 år)
Synodisk periode 583,92 d
Gjennomsnittleg banefart 35,020 km/s
Maks. banefart 35,259 km/s
Min. banefart 34,784 km/s
Banehelling 3,39471°
(3,86° til solekvator)
Lengda til
oppstigande knute
76,68069°
Perihelargument 54,85229°
Talet på satellittar 0
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 12 103,7 km
(0,949 · jordas)
Overflateareal 4,60·108 km2
(0,902 jordklodar)
Volum 9,28·1011 km3
(0,857 jordklodar)
Masse 4,8685·1024 kg
(0,815 jordklodar)
Snitt tettleik 5,204 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 8,87 m/s2
(0,904 g)
Unnsleppingsfart 10,36 km/s
Rotasjonsperiode -243,0185 d
Rotasjonsfart 6,52 km/t (ved ekvator)
Aksehelling 2,64°
Rektasensjonen
til nordpolen
272,76° (18 t 11 min 2 s) [1]
Deklinasjon 67,16°
Albedo 0,65
Overflatetemp*
min* snitt maks
228 K 737 K 773 K
(* minimumstemperaturen refererer berre til toppen av skylaga)
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 9 321,9 kPa
Karbondioksid 96%
Nitrogen 3%
Svoveldioksid spor
Vassdamp spor
Karbonmonoksid spor
Argon spor
Helium spor
Neon spor
Karbonylsulfid spor
Hydrogenklorid spor
Hydrogenfluorid spor

Venus er den andre planeten i solsystemet vårt om ein startar ved sola. Han er kalla opp etter kjærleiksgudinna Venus frå romersk mytologi.

Venus vert gjerne kalla tvillingplaneten til jorda, av di jorda og Venus har omtrent same storleik og masse. Venus er lett å få auge på på himmelen, og menneska har kjend til han i uminnelege tider.

Banen er nesten sirkulær og middelavstanden frå sola er 0,7 gonger middelavstanden til jorda. Omlaupstida til planeten, Venusåret, er 225 dagar. Ettersom Venus er nærare sola enn jorda er, står ho aldri langt frå sola på himmelen sett frå jorda. Difor ser ein ofte planeten som ei klar stjerne like før soloppgang eller like etter solnedgang. Venus har difor vorte kalla både morgonstjerna og kveldsstjerna. I Hellas i antikken var Hesperos og Fosforos mytologiske personifiseringar av dei to. Venus kan stundom vere så klår at ho er synleg om dagen og har ein maksimal storleiksklasse på −4,4. På nattehimmelen er det berre månen som lysar sterkare enn Venus, men sjølv har planeten ingen eigen måne. Akkurat som månen, så viser Venus fasar

Venus si overflate

Namn[endre | endre wikiteksten]

Venus er kalla opp etter den romerske kjærleiksgudinna. Mange kulturar para den klåre planeten med ei slik gudinne, som Inanna, Astarte, Isis og Frøya. Denne siste har gjeve namn til vår fredag, slik Venus har gjeve namn til den same dagen på andre språk, som fransk vendredi.

På andre språk har planeten andre namn som ofte viser til kor lys han er, som det hebraiske namnet נוֹגָה Nōğā eller sanskrit-namnet Sukra. På kinesisk (mandarin) heiter han Jingxing, som tyder metallstjerna.

Atmosfære[endre | endre wikiteksten]

Som jorda har Venus også ein atmosfære, men denne har ei ganske ulik samansetting frå det me er vane med. Atmosfæren er tett og eit permanent, tredelt skylag. Skyene, som hovudsakleg består av svovelsyredropar og svovelpartiklar, skjuler den faste overflata. Storparten, om lag 97 %, er karbondioksid (CO2) slik at Venus har ei svært kraftig drivhuseffekt – temperaturane ved den faste overflata på planeten ligg i området frå 450 til 500 grader Celsius.

Under skydekket er det påvist små mengder av oksygen og vassdamp. Trykket ved overflata er omkring 100 gonger så høgt som på jorda. Berre kring 10 % av sollyset når ned til overflata, og sikten der er omkring 2 km.

Siden mai 2006 har ESA-romsonden Venus Express gått i ein 24-timars bane rundt planeten og observert atmosfæren over eit stort spektralområde frå ultrafiolett til infraraudt med den til no beste oppløysinga. Ein har òg studert vekselverknaden med solvinden.

Overflata[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av overflata frå Venera 9 og 10 i 1975 og 13 og 14 i 1982 syner eit steinete, flatt ørkenlandskap. Radarstudiar viser sletter, fjellformasjonar og krater. Det finnes to store høglandsområde: Ishtar Terra og Aphrodite Terra. Ishtar Terra som ligg lengst nord, er eit flatt platå som er avgrensa på tre sider av fjell. Eit av desse fjellområda, Maxwell Montes, når opp i 10 km og er det høgaste på Venus. Ein 300 km lang og 2 km djup canyon går frå aust til vest, kring 600 km sør for ekvator.

I 1990–94 kartla NASA-sonden Magellan nesten heile overflata til Venus, med ei oppløysing ned til 100 meter.

Moglegheit for liv[endre | endre wikiteksten]

Den høge temperaturen og det høge trykket ved overflata til Venus, i samband med fråveret av mellom anna vatn og oksygengass, gjer at dei fleste utelukkar at det kan finnast liv her. Forskarar har peika på at tilhøva kan vere betre om lag 50-60 km oppe i atmosfæren, der temperaturen, trykket, tyngdekrafta og strålingsgraden liknar meir på det ein finn ved overflata på Jorda. UV-stråling frå sollyset kan medverke til kjemisk aktivitet, og dei fire grunnemna som trengs for liv er til stades. Rett nok er det svært kraftige vindar her, og saman med skyar av svovelsyre kan dette gjere tilhøva vanskelege. NASA røkjer denne delen av atmosfæren i prosjektet High Altitude Venus Operational Concept (HAVOC).[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet