Hopp til innhald

Dronning Dagmars død

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaverinnspeling av Erik Damskier

«Dronning Dagmars Død» (eller «Droning Dagmars dødelige Affgang») er ei gammal dansk folkevise som handlar om dronning Dagmar av Danmark, som var gift med Valdemar Sejr og døydde i barsel.

Ei utgåve av visa kom ut i Anders Sørensen Vedel si songbok Hundredvisebogen. Denne er blitt spreidd til nabolanda. Det finst også ein versjon i 3. del av Svend Grundtvig sitt verk Danmarks gamle Folkeviser som DgF 135.[1]

Frå Noreg har Ludvig Mathias Lindeman skrive opp to melodiar til visa, ein frå Vestfold og ein frå Solør.

I TSB katalogen er visa typologisert som C 6. I tillegg til Danmark (DgF 135) er visa også kjend i Sverige og på Færøyane.

Innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

Birgitte Grimstad song visa på debutplata si Brigitte Grimstad i 1966 med ein dansk melodi. Teksten og den danske melodien står i Birgitte Grimstad si bok Menneskeviser frå 1972.

I 1996 sang Sinikka Langeland inn songen med ein melodi frå Solør på ein CD som var bilag til Norsk folkeminnelag sitt skrift nr. 142. Han blei også gjeven ut separat som «Stengen var af røde guld» i 1987. Langeland syng også songen på «Lille Rosa: Kjærlighetsballader» frå 2000.

  1. Svend Grundtvig (1862). Danmarks gamle Folkeviser, udgivne af Svend Grundtvig. Tredje Del. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Teksten til Dronning Dagmars død ved Wikisource.