Valdemar II av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valdemar Sejr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Valdemar II av Danmark
Valdemar Sejr (kongefrisen).jpg
Konge av Danmark
Regjeringstid1202-1241
Fødd1170
FødestadRibe
Død1241
DødsstadVordingborg
MorSofia av Minsk
FarValdemar I av Danmark
EktefelleDagmar av Böhmen (1204) og Berengaria av Portugal (1214)
SambuarHelena Guttormsdatter
BarnNiels Valdemarson (ukjend mor)

Med Helena Guttormsdotter (utanom ekteskap):

  • Knut Valdemarson
  • ei dotter

Med Dagmar

  • Valdemar den Unge

Med Berengaria:

Valdemar Siger eller Valdemar II av Danmark (11701241)[1], son av Valdemar den store, var dansk konge frå 1202 til 1241. Han tok over etter bror sin, Knut, som døydde utan etterfølgjar.

Segla åt Valdemar Seier

I 1188 blei han hertug av Slesvig. Den danske ekspansjonen som Valdemar den store hadde innleidd blei ført vidare under Knut og Valdemar Siger. Først erobra han Holsten og seinare Ditmarsken, Lübeck og Hamburg.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Valdemar var engasjert i dei norske borgarkrigane tidleg på 1200-talet. Han var i Tønsberg sommaren 1204, der han støtta baglarane sin konge Erling Steinvegg. Erling bar jernbyrd for å vise for baglarane og Valdemar at han var kongsson, og han bestod prøven. Ifølgje baglarsogene gav både Erling og jarlen hans (og seinare baglarkongen) Filippus Simonsson lenseid til Valdemar.[2] Dette betyr at dei to nordmennene var underordna Valdemar, og at han dermed blei oppfatta som ei form for overkonge over Viken, som var kjerneområdet til baglarane.[3]

Krosstog og Dannebrog[endre | endre wikiteksten]

15. juni 1219 kom Estland under dansk overherredøme. Paven hadde oppfordra kong Valdemar til å skipa eit dansk krosstog til Det heilage landet eller føra krosstog mot baltarane, som ein rekna med var heidningar. Valdemar ville heller gjera ende på den mangeårige erobringspolitikken i Estland slik at sverdriddarane (seinare innlemma i Den tyske ordenen) ikkje blei for mektige på bekostning av det danske kongedømet.

Johannitar-ordenen var også med på krosstoget. Sidan rundt 1130 hadde denne ordenen hatt løyve frå paven til å føra ei raudt-kvitt krossbanner. Dette var ein kvit kross som delte den raude duken i fire kvadratiske felt. Det danske flagget Dannebrog har som kjent to kvadratiske og to avlange felt. Roskilde-munken Peder Olsen skidlra kring 1500 det dramatiske slaget ved Lyndanisse (i dag Tallinn) den 15. juni 1219, der det lenge såg ut som om dei kristne styrkane kom til å tapa. Den gamle erkebiskopen Anders Sunesen knelte i bøn på ein bakketopp. Då han strekte armane mot himmelen rykka danskane fram, og då han blei trøytt og senka dei måtte danskane vika tilbake. Det kom hjelparar til for å støtta armane til den gamle erkebiskopen. Forteljinga minnar om bibelsoga der Moses har omtrent same rolle som Anders Sunesen, i 2. Mosebok 17:11-12. Då kampen var på sitt kraftigaste skal Gud ha sendt hjelp. Gudsteiknet var eit raudt flagg med ein kvit kross som dalte ned frå himmelen. Dette gav danskane ny styrke, og dei vann ein stor siger. Kong Valdemar kunngjorde at dette krossbanneret heretter skulle vera det danske riksbanneret.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Utskjering ein rekna med er Valdemar og den andre kona hans, Berengaria eller Bengerd. Detalj frå sørportalen i Ribe domkyrkje.[4]

I 1205 gifta Valdemar Siger seg med Dagmar, dotter av Ottokar I av Böhmen (Tsjekkia). Etter tradisjonen var ho elska av befolkninga. Med Dagmar fekk han sonen Valdemar (1209–1231), gift med Eleonore av Portugal.

Dagmar døydde i 1212. I 1214 gifta Valdemar seg med Berengária, som var dotter av kong Sancho I av Portugal. Ho blei mor til Erik (1216–1250), Abel (ca. 1218-1252) og Kristoffer (ca. 1219-1259), alle danske kongar, og dottera Sofie av Danmark (1217–1247).

Med Helena Guttormsdatter (dotter av Guttorm jarl; enke etter Esbern Snare) fekk han sonen Knud Valdemarsen (1211–1260), hertug av Reval (Tallinn), utanfor ekteskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Valdemar Sejr frå Danmarkshistorien / Arhus Universitet
  2. Haakons, Guttorms og Inges saga (Baglernes og birkebeinernes saga), kap. 8-9
  3. Valdemar 2 Sejr. (6. september 2017). I Store norske leksikon. Henta 18. mai 2018.
  4. Nyborg, Ebbe: Domkirken i Ribe, Ribe Domsogns menighedsråd, ISBN: 87-982841-1-8